Inntil 100 % fast stilling som landbruksrettleiar - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Inntil 100 % fast stilling som landbruksrettleiar

Vil du vere med og utvikle landbruket i kommunane Lom og Skjåk? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til ei spennande og variert stilling ved vårt felles landbrukskontor.

Skjåk kommune har ledig inntil 100 % fast stilling som landbruksrettleiar. 

Stillinga er for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk, og 20 % av stillinga er førebels knytt til prosjektstilling. Stillinga er ledig frå dags dato.

Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste der Skjåk kommune er vertskommune. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som arbeider med landbruksforvaltning og berekraftig ressursforvaltning. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling. Som landbruksrettleiar vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innan jord- og skogbruk, tilskotsordningar, jordlovsaker og konsesjonssaker.
  • Oppfølging av miljø- og klimatiltak i landbruket samt gjødselbrukforskrift.
  • Deltaking i utviklingsprosjekt og samarbeid med regionale aktørar.
  • Bidra til god dialog mellom kommunen og landbruksnæringa.
     

Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelorgrad, innan agronomi, skogfag, naturforvaltning, plantevitskap eller tilsvarande.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller landbruksnæringa er ein fordel.
  • Det er ein fordel med kjennskap til relevant lov- og regelverk innan landbruksforvaltning.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
  • Førarkort klasse B.

Vi vektlegg at du

  • har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • har gode samarbeidsevner og serviceinnstilling.
  • har god digital kompetanse, og at du ser moglegheiter i digitalisering og utvikling av gode system.
  • er lærevillig og deler av din kunnskap.
  • er løysingsfokusert.
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • er positiv og initiativrik.
  • trivst med høgt aktivitetsnivå og menneske rundt deg i jobbkvardagen.


Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
  • pensjonsordning i KLP.
     

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Søknadsfrist 03.05.2026

Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. 

Vil du vite meir om oss? 

Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.

Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod – og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902).

Sletting av studielån

Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. · Les meir om ordninga her Sletting av studielån

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496