To ledige stillingar som brukarstyrt personleg assistent (BPA).
Stilling nr. 1 er ei delstilling på 22%
- Arbeidet er for tida delt på 2 dagar, tysdag frå kl. 11-16 og fredag frå kl. 11-14, dvs. 8 timar pr. veke. I tillegg er det vedtak om 50 timar pr. år som skal nyttast etter nærare avtale med brukar
- Tenesta er for ei dame i 50 åra
Stilling nr. 2 er ei delstilling på 28%
- Arbeidet er for tida delt på 3 dagar, måndag, tysdag og torsdag. (Dagane kan endrast etter avtale med brukar)
- Tenesta er for mannleg rullestolbrukar i 50-åra
Stillingane kan kombinerast i ei 50% stilling.
Informasjon om brukarstyrt personleg assistent tenesta
Ein brukarstyrt personleg assistent legg til rette for at tenestemottakaren får eit mest mogleg og sjølvstendig liv på tross av utfordringar i kvardagen. Eksempel på dette kan vere transport til naudsynte gjeremål og avtalar, hjelp til praktiske oppgåver i heimen, trening, personleg stell, tilrettelegging for mat og måltid.
Tenesta blir utført i heimen til brukar, og det er avgjerande at du kan samarbeide tett med brukar.
Tenesta er styrt av brukar, og opplæring vert gjeve i heimen. Kommunen har arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidet kan vere noko fysisk belastande.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskje om fagbrev som helsefagarbeidar, men dette er ikkje eit krav
- Det er ein fordel å ha erfaring med liknande arbeid
- Førarkort klasse B
- God norskkunnskap
- Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
- Er fleksibel i høve til omstillingar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Tek sjølvstendig initiativ til aktivitet
- Har generell forståing for bruk av teknologi
- Dokumenterer i høve til lover og forskrifter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og brukar sine ynskje vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen mobil 95982598.
Andre stillingsstorleikar kan og bli ledige, og du er også velkomen til å søkje dersom du er interessert i å vere tilkallingsvikar i tenesta.
Søknadsfrist 11.08.2025.
Kommunedirektøren
På tur i Skjåk med Bismotunet bufellesskap
Bismotunet bufellesskap