Tenesteleiar for Nav Lom og Skjåk
Vi søkjer tenesteleiar for Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, strategisk og initiativrik, og som vil vere med på å utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk. Stillinga er ledig frå dags dato.
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom Nav Stat og Skjåk kommune. Skjåk kommune er vertskommune, og kontoret ligg i Bismo i Skjåk. Kontoret har i dag ni tilsette.
Som tenesteleiar får du ansvar for å leie og utvikle Nav-kontoret i tråd med nasjonale føringar, lokale behov og gjeldande lovverk. Nav-lova, folketrygdlova og sosialtenestelova står sentralt i tenestene ved kontoret.
Du vil representere arbeids- og velferdsetaten i møte med samarbeidspartnarar, og bidra til godt samarbeid mellom stat, kommune og andre aktørar. Stillinga har varierte og spennande oppgåver, med rapportering både til kommunedirektøren i Skjåk kommune og direktøren i Nav Innlandet.
Som tenesteleiar blir du del av leiargruppene både i Skjåk kommune og i Nav Innlandet.
Arbeidsoppgåver
- Leie, drifte og vidareutvikle kontoret både fagleg, kvalitetsmessig og organisatorisk, slik at tenestene er heilskaplege, effektive og brukarvennlege for innbyggjarane og samarbeidspartnarane.
- Tilpasse og sette i verk overordna føringar.
- Ansvar for personal og budsjett, og å oppnå mål innan gjeldande rammer.
- Styrke omstillingsevna for å kunne ta imot og levere moderniserte tenester.
- Bidra til eit godt fungerande tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og på tvers av Nav kontor.
- Noko reiseverksemd gjennom jobben må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Minimum tre år høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant praksis med gode resultat kan vege noko opp for manglande utdanning.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi vektlegg at du
- har leiarutdanning
- har kompetanse om offentleg forvaltning, kommunale og statlege styringssystem og økonomiområder
- har god digital kompetanse
- har kunnskap om målstyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv
- har erfaring og evne til leiing av medarbeidarar
- kan skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar
- har god forståing av arbeids- og velferdspolitikken
- har kompetanse om partssamarbeid og erfaring frå samarbeid med tillitsvalde
Personlege eigenskapar
- evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv
- evne til leiing av medarbeidarar og bygge eit godt arbeidsmiljø
- evne til å skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar
- ryddig og systematisk arbeidsform
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi ynskjer ein leiar som kan kommunisere godt, er tydeleg, strukturert og resultatorientert. Vi søkjer deg som har evne til å leie ein organisasjon der omstilling og fornying er vektlagt. Du har evne til å byggje ein felles kultur, skape engasjement og eit godt arbeidsmiljø, og du ser NAV i ljos av kommunane og staten sitt samfunnsoppdrag.
Vi tilbyr:
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
- Pensjonsordning i KLP.
Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Ivar Bø, mobil 91 81 76 96 og Nina Vaage, avdelingsdirektør NAV Innlandet, mobil 911 30 579.
Søknadsfrist 26.08.2026
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Kvifor velje Skjåk?
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: Heidrun Israelsen – prosjektleiar «Sats på Skjåk» Tlf. 994 27 902
Sletting av studielån
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på Sletting av gjeld i utvalgte kommunar.