Nye butikkeigarar
I fjor omtrent på denne tida vart Grete Aune Ulen og Dennis Osmancevic tilbudt å kjøpe butikken Bunnpris på kjøpesenteret i Bismo. Dei slo til og vart butikkeigarar og driv for eiga rekning. Grete har jobba i denne butikken i 7 år, og før det jobba ho på CC-Mat på Lillehammer. Ho har såleis lang røynsle med butikkarbeid. Næringskontoret sine folk tok ein liten prat med Grete og spurde kva som var den største utfordringa med å vere butikkeigar mot å vere tilsett. I starten tykte ho det var skummelt å ha ansvaret for så «mykje shilling». Dette har gått seg til, og med gode rutinar har ho har vent seg til dette, seier Grete. Det å få kabalen med dei tilsette til å gå opp er og ei utfordring som ho ikkje har hatt praksis med tidlegare. I dag har Grete seks tilsette, same talet som jobba i Matkroken. Det er Bunnpris Møre som er styret i bedrifta, og Bunnpris handlar varer gjennom REMA 1000, men frå 1. januar 2017 går kjeda inn i Norgesgruppen.
"Ny" butikk
Grete syns det er spennande å drive sin eigen butikk og ho likar godt butikkarbeid. Butikken har vore igjennom seks veker med ombygging og resultatet vart ein fin, ryddig og ikkje minst smart butikk. Kjølerommet er det ho er mest nøgd med. Kjølevarene kjem rett frå bil og direkte inn i kjølerommet utan at kjølekjeda blir broten. I starten sa kundane at det var for kaldt inne i rommet, men nå får ho berre skryt både av den nye kjøleløysinga, og av resten av butikken.
Det har vorte eit mykje større vareutval etter at det vart «ny» butikk. Mykje av vareutvalet er dei pålagt å ta inn, sjølv om dette kan konkurrere med dei andre butikkane på kjøpesenteret. Når det gjeld utvalet av lokalprodusert mat, bestemmer eigarane av butikken dette sjølve. Dei står fritt til å lage si eiga nisje på denne typen mat. Grete meiner det er naturleg at dei sel vidare varer som blir produsert i nærområdet. Dei har og begynt å bestille noko varer gjennom Gudbrandsdalsmat.
Post i butikk
Posten har vore knytt til butikken på kjøpesenteret i mange år. Dette var ute på anbod nyleg , og Bunnpris Bismo fekk halde fram med drifta av posten i 7 nye år. Posten genererer mykje trafikk til butikken. Folk handlar meir og meir på nettet, og etter at posten slutta å køyre ut post 2 pakker, merkar dei tilsette dette enda betre.
Tilreisande og lokale kundar
Turistar og folk som har fast campingvogn og hytter i Skjåk er viktige kundar på kjøpesenteret attåt dei lokale som bur her fast. Dersom Grete skulle ønskje seg andre tilbod på kjøpesenteret skulle ho gjerne hatt pol utsal og eit mattilbod med det ho kallar lettvint og rask mat. Om dette kjem på plass, vil framtida vise. Næringskontoret ønskjer eigarane lykke til vidare, og når omsetninga omtrent har dobla seg etter at dei tok over, syner det at dei er på god veg.