(artikkel frå juni 2016)
Første halvår kom det om lag 50 mm nedbør i Skjåk. Dette førte til at vassdraga i Skjåk minka og det behovet for kunstig vatning auka sterkt. Vatn og vasskraft har stor plass i Skjåksamfunnet, kanskje nettopp fordi det er så nedbørsfattig.
Næringskontoret har besøkt Eidsiva for å få litt meir innblikk i kva som rører seg hjå dei som har driftstilsynet med vassdraga i kommunen. Arbeidsstokken er den same nå som den gongen det berre var Skjåk 1 som var i drift. Næringskontoret møtte Morten Brekkum, Jakop Sæter, Håkon Haugen og Are Flatmo og reinhaldar Linda, i ei lunsjpause på Skjåk1 no i sommar. Vi spurde arbeidstokken om kva arbeidsoppgåvene i stutte trekk går ut på.
Litt om Øvre Otta
Utbygginga av øvre Otta i Skjåk kommune er ein av dei største nyare vasskraftutbyggingane i Noreg. Prosjektet vart godkjent av Stortinget i 1999 og bygginga starta i 2002. I juni 2005 opna Øyberget kraftverk med ein årleg produksjon på 360 GWh og i desember 2005 opna Framruste kraftverk med ein årleg produksjon på 165 GWh. ECO er største eigar i øvre Otta utbygginga med ein eigarandel på om lag 32 %. ECO energi er eit av Noregs leiande energikonsern. Kjerneverksemda er eigarskap, drift og utvikling av vasskraftanlegg samt forretningsutvikling.
Ny overføringstunnel mellom dei to eksisterande reguleringsmagasina Breidalsvatnet og Raudalsdammen i Ottavassdraget i Skjåk vart offisielt opna i august 2008. Prosjektet gav ein produksjonsauke på 125 GWh.
Med Breidalsoverføringa produserer Øvre Otta- anlegga 650 GWh årleg. Det utgjer det årlege straumforbruket til om lag 32 500 husstandar.
Om kraftverka
Kraftverka i Skjåk er magasinkraftverk. Det vil si at dei utnyttar lagra vassmasser. Det som er fordelaktig med vasskraft er at det ikkje produserer forureining i naturen. Vatnet renn frå magasina gjennom fjellet og ut att i Otta-elva like rent som da det rann inn.
Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB)
GLB- Glommen og Laagens Brukseigarforening er ein interesseorganisasjon for vasskraftprodusentar i eit vassdrag, heimla i Vassdragsreguleringsloven av 1917. Den viktigaste oppgåva til ei brukseigarforeining er å samordne bruken av vasskraftressursane i vassdraget, til felles nytte for alle kraftverka. Dette oppnår dei ved at ansvaret for alle viktige reguleringsmagasin i vassdraget vert lagt til brukseigarforeininga, som og får ansvar for at konsesjonsbestemmelser og manøvreringsreglement vert halde. Brukseigarforeininga er såleis eit naturleg bindeledd mellom kraftselskapa og myndigheitene. Her er det GLB som tek i vare denne oppgåva.
GLB har 16 medlemmar, kraftselskap og energiverk. GLB har ansvar for drift og vedlikehald av reguleringsmagasina og overføringane i Glommavassdraget og meteorologiske og hydrologiske målestasjoner for til kvar tid å kunne ha oversikt over nedbør, snø, vasstand og vassføring. GLB utarbeider rutinemessig prognosar for vassføringar i Glommavassdraget for produksjonsplanlegging og til flomvarsling i samarbeid med NVE.
GLB er i dag organisert med tre fagavdelinger under administrerande direktør. Det er for tiden 19 tilsette, hvorav 16 arbeider ved hovedkontoret på Lillehammer. Utetenesta ved og i tilknytning til reguleringsanlegga utføres i dag i stor grad av eigarverka sitt personell etter inngåtte samarbeidsavtaler.
GLB sine rammar
GLBs og eigaranes regulerings- og vassdragskonsesjonar definerer ei rekke vilkår, pålegg og avtalar, og med desse fylgjer eit bredt spekter av oppgåver. Pålegga kan være bygging/drift av målestasjoner, handtering/utbetaling av erstatningar, fysiske miljøtiltak, miljøtilsyn og fiskeutsettingar. Vilkåra for konsesjonane kan fornyast kvart 30. år. Sjølv lang tid etter at konsesjonane er gjevne kan det være behov for tolking av manøvreringsreglement og andre vilkår, og over tid vert brukarinteressene i vassdraget endra. Endringar i naturtilstanden som fylgje av for eksempel klimaendringar er også ei aktuell utfordring.
Reguleringsmagasina
GLB har det operative ansvaret for at vassressursane vert utnytta økonomisk optimalt innanfor dei rammene som er gjevne. Magasindisponeringa skjer i et nært samarbeid med kraftverkseigarane for å sikre ei best mogleg utnytting av vatnet. Ei utfordring her kan vera å ivareta alle kraftverkseigarane sine interesser. Eigarane har i utgangspunktet innflytelse i høve til sin del av totale fallmeter nedafor en regulering. For å handtere eventuelle ulikheter i synet på korleis magasindisponeringa skal skje, er det etablert et regelverk og egne avtaler. GLB si nøytrale rolle bidrar til at utfordringane vert handtert før det oppstår konfliktar.
GLB sine arbeidsoppgåver og kompetanse
Dei viktigaste av GLB sine fellesfunksjonar for eigarane omfattar konsesjons- og miljørelaterte forhold, teknisk vedlikehald og vassdragsteknisk ansvar (VTA), tilsyn, datainnsamling, kvalitetssikring, analyse, og vassdragsvakt med prognosering av tilsig og vassføring. GLB drifter og samlar inn hydro-/meteorologiske data frå ca. 125 målestasjoner i vassdraget.
For å ivareta disse funksjonane/oppgåvene har GLB kompetanse på områder som jus, miljø, fiskeoppdrett, bygg, vassdragsteknikk, IT og hydrologi. GLB si eiga bemanning utgjer 18 årsverk.
Kva har kraftutbygginga å seie for Skjåk?
- Det er skatteinntekter på verker og bruk, av Skjåk 1 er det 16% og av Øvre Otta er det 7 %
- Kommunen har årlege kraftinntekter på nær 40 mill. kroner. Dette kjem frå kraftrettar, eigedomsskatt og konsesjonsavgift
- Utbygginga har gjeve erstatning til folk i bygda med eigedom
- Det første til ein auke i kjøp av lokale varer og tenester
- Eigarar i Skjåk Almenning har årlege inntekter
- Det er 30 km med bilvegar som Eidsiva og GLB har ansvaret for. Desse står opne til fri bruk for alle. Dette gjeld mellom anna i Raudalen med bruer og vegar og beitelaget får ei årleg erstatning til å kjøpe gjødsel som erstatning for beitereduksjon
- Kva gjer så dei tilsette?
- Dei har tilsynsrundar 1 gong i veka i Kraftstasjonane i tillegg til at dei har ein del vaktmeisteroppgåver. Nokre ting ser ein på ofte, andre ting sjeldnare. Dersom noko ryk så kan det fort bli store summar i tap
- Vatningsanlegget i Aura har dei ansvaret for å sette på om våren og ta av vatnet att om vinteren. Dette fordi vatnet går gjennom Skjåk 1. Det er GLB som skal halde det i drift
- Det er målestasjonar i små elver. Desse må lesast av manuelt og kontrollerast mot det digitale så det fungerer. På Lillehammer har dei tilsette som kjem på større tilsyn. Det vert utveksla arbeidskraft innan selskapet.
- Våren er særleg hektisk med måling av snøsmeltinga slik at ein kan få eit innblikk i kor mykje vatn ein kan vente seg framover våren. Det vert utført renovasjon på maskineri når det er tørre elver, det same gjeld på hausten.
- Pluss mykje anna.
Utsendingane frå næringskontoret takkar så mykje for at vi fekk kome. Dette var eit svært interessant og lærerikt besøk.