Arbeidsverkstad 20. mars: Korleis skape bu- og blilyst i Skjåk? - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Arbeidsverkstad 20. mars: Korleis skape bu- og blilyst i Skjåk?

Arbeidsverkstad 20. mars: Korleis skape bu- og blilyst i Skjåk?

Onsdag 20.3 kl 18.00 inviterer Skjåk kommune næringslivet, lag og organisasjoner samt andre som er interesserte til dialog om kva lokale aktørar kan gjere og samarbeide om for å behalde og få nye innbyggarar til Skjåk. Det vil bli innlegg frå NIS, Husbanken, Distriktssenteret, fylkeskommunen og Skjåk kommune før vi vil arbeide i grupper for å sjå på kva som kan skape bu – og blilyst i Skjåk.

Det å styrke bu – og blilyst med å tenke heiltheitleg er viktig for å prøve å motverke dei demografiske utfordringane vi ser i dei fleste distriktskommuner i landet. Det handlar om å planlegge godt, samordne og prioritere ressursar i kommunen og det handlar også om at alle i lokalsamfunnet må dra i same retning. Vi ser at låge fødselstal og større andel eldre gir utfordringar for å sikre arbeidskraft til distrikta over heile landet.

Kva kan vi i Skjåk gjere for å skape bu- og blilyst?

 Sjå program og invitasjon (PDF, 41 kB)

Invitasjon - Klikk for stort bilde Skjåk kommune