Elevbedrifta Skjåk ost og smør EB til topps i fylkesmeisterskapet for elevbedrifter
Elevbedrifta frå Skjåk tok storeslem under fylkesmeisterskapet i Ungt Entreprenørskap Innlandet – og vart kåra til beste elevbedrift i heile Innlandet.
Heilt til topps
Skjåk ost og smør EB gjekk heilt til topps under fylkesmeisterskapet for elevbedrifter, og tok med seg den gjevaste prisen som beste elevbedrift i Innlandet. I konkurranse med 27 andre bedrifter imponerte dei stort og synte fram ekte handverk, lokalmat og berekraft. Elevbedrifta tok fire prisar under regionmeisterskapet:
- 1. plass for beste elevbedrift
- 1. plass for beste kundeoppleving
- 2. plass for beste team
- 2. plass for beste grøne bedrift.
Det var mange andre dyktige og engasjerte elevbedrifter blant dei 27 deltakarane, og Skjåk kommune er stolte av å sjå så høgt nivå blant ungdomane i regionen. Skjåk kommune gratulerer og er stolte av dei dyktige ungdommane og lærarane som står bak.
Vedlegg:
Ungt Entreprenørskap Innlandet
Sist endret 28.05.2025 10.31