Medlemskap i Næringsnettverket i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Medlemskap i Næringsnettverket i Skjåk

Skjåk kommune er opptatt av å legge til rette for eit sterkt og framtidsretta næringsliv i bygda. Næringsnettverket i Skjåk startar no rekruttering av medlemmar, og vi vil i den samanheng oppmode næringsdrivande til å melde seg inn i nettverket. 

Om medlemskapet 

Næringsnettverket i Skjåk (NiS) har som mål å vere ein møteplass og ressurs for lokale verksemder, med fokus på fagleg utvikling, nettverksbygging og synleggjering av næringslivet.

Som medlem i NiS får di bedrift mellom anna:

  • Tilgang til møteplassar og nettverk med andre verksemder i Skjåk
  • Gratis eller rabattert deltaking på faglege samlingar, bedriftsbesøk og inspirasjonsturar
  • Moglegheit til å profilere verksemda di gjennom nettverket sine kanalar og arrangement

Dei fleste verksemdene vil få tilsendt invitasjon og faktura direkte.
Dersom du ikkje har mottatt invitasjon, men ønskjer å bli med, kan du ta kontakt på e-post til: post@næringsnettverk.no

Vi i Skjåk kommune oppmodar alle næringsdrivande til å melde seg inn i nettverket. Dette er eit viktig steg for å sikre samarbeid, utvikling og vekst for heile næringslivet i bygda.