Status på strategiarbeidet - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Status på strategiarbeidet

Det er gledeleg at mange yngre har delteke aktivt og vist stort engasjement rundt arbeidet vi driv på med. 

Skjåk kommune er svært fornøgd med responsen på spørjeundersøkinga. Om lag 550 personar har svara! Det er gledeleg at mange yngre har delteke aktivt og vist stort engasjement rundt arbeidet vi driv på med. Vi er svært tilfreds med at vi valde å bruke opne spørsmål, da dette har gjeve folk moglegheit til refleksjon og til å kome med det dei har på hjarte.

Fristen på å svare på spørjeundersøkinga var 9. april, og vi er nå i full gang med å systematisere svara som har kome inn.

Her er nokre sitat frå spørjeundersøkinga:

  • Det var både befriande og inspirerande å få uttrykke seg om Skjåk og tankane kring bygda si framtid. Det tvang seg fram nokre synspunkt og idear eg ikkje visste at eg satt inne med.
  • Gode spørsmål som inviterte til refleksjon.
  • Skal eg flytte til Skjåk må eg byte kjerring, det har eg ingen planar om.
  • Gode foreldre og trygghet. Desto meir eg reiser og bur i inn og utland desto meir er eg bestemt på å flytte tilbake. Og naturen er jo det som rammer inn det fine bildet.. 

Alt om strategiarbeidet