Ny renovasjonsordning for 2025I 2025 startar NGR med kjeldesortering. Her kjem litt informasjon knytt til dette. Spørsmål og svar - renovasjonsordning 2025 Kva er nytt? Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal.Alle abonnentar vil i haust få utlevert to (2) dunkar. 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Viktig: Ordninga med grå NGR-sekkar for restavfall går dermed ut.Viktig: Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til bruk for 2025. Treng du nye sekkar for hausten 2024 ta kontakt med Servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller kom innom i opningstida Måndag-Fredag kl. 09.00-15.00Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag.Frå 2025 blir det ikkje mogleg å levere (gamle) NGR sekkar med restavfall på henteruta, men dei gamle sekkane skal kunne brukast til å levere restavfall på miljøstasjonane ut 2026. Eg treng ny rull med restavfallssekk nå i 2024 Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til bruk for 2025. Treng du nye sekkar nå for hausten 2024 ta kontakt med Servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller kom innom i opningstida Måndag-Fredag kl. 09.00-15.00, eller det kan kjøpast på miljøstasjonen (på onsdagar frå kl. 12-18)1 rull med 12 sekker koster kr. 900,- (inkl. mva). (Desse kan brukast på miljøstasjonen ut 2026). Plastsekkar for hushaldsplast Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag. Avfallsdunkar Alle abonnentar vil få 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokkDunken til restavfall har lokk i mørk grå farge (same farge som dunken).Storleiken på dunken til restavfall vil følgje gebyrgruppa som abonnenten har valt. Abonnentar med standardgebyr vil få ein dunk på 240L, abonnentar med minstegebyr vil få ein dunk på 140L, og abonnentar med utvida gebyr får ein dunk på 360L.Saman med dunkane vil abonnentane få utdelt ein rull med posar til matsortering og ein rull med blanke plastsekkar til oppsamling av hushaldsplast Om å dele på avfallsdunkar To eller fleire abonnentar kan bruke felles dunkar der det er naturleg. For restavfall vil abonnentane få same tilgjengelege volum som om ein hadde eigen dunk. Matavfall er tungt, så her vil det bli brukt dunkar på 140L også ved fellesløysingar. Ta kontakt med kommunen din dersom du ønskjer felles dunk. Rettleiar for sortering av matavfall Det vil bli utarbeidd ein rettleiar for sortering av matavfall og bruk av posane. Kjem nov/des 2024. Abonnementsgrupper 2025 Gruppe A, normal sats:240L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe B, låg sats:140L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe C, høg sats:360L dunk til restavfall140L dunk til matavfallAbonnentane vil få utdelt dunkar tilsvarande det abonnementet ein står registrert med (i 2024). Det vil bli høve til å bytte abonnementsgruppe slik som kommunane praktiserer det i dag. NGR vil då bytte dunken for restavfall. (Abonnementsgrupper 2024) Gruppe A, normal sats: 36 sekkar pr år Gruppe B, låg sats: 24 sekkar pr år Gruppe C, høg sats: 48 sekkar pr år Kontaktinformasjon Kontakt Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, Telefon: 61 24 21 00 eller E-post: post@ngr.noSkjåk kommune: kontakt servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller E-post post@skjaak.kommune.no Henteruter frå 1. januar 2025 Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.Restavfall vil bli henta kvar 4. veke. Om køyreruter, plassering av dunkar, mm Krav til vegstandard, oppstillingsplass for dunkar, mm., blir beskrive i revidert renovasjonsforskrift. NGR vil stort sett køyre henteruter langs dei vegane som blir køyrde i dag. Det vil likevel bli fokus på å effektivisere rutene, spesielt i område der det er lange køyreavstandar og få abonnentar. Det vil også bli lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø for renovatørane.Dunkane kan stå permanent på henteplassen eller abonnenten kan trille dei ut på hentedagen. På hentedagen skal avfall vere klart til henting kl. 07.00. Sekkar og dunkar plasserast på eit plant underlag. Handtak på dunkane skal vende mot renovatørane. Abonnentane fjernar hindringar, brøyter snø og strør glatt underlag ved behov. Renovatøren skal kunne trille dunkane fram til bilen utan hinder, betydelege høgdeforskjellar eller tersklar/trinn. Med hinder meinast t.d. grøfter, grinder og trapper. Med tersklar meinast høgdeforskjellar over 10 cm.Henteavstand for dunkar skal vere maks 5 meter, målt frå ytterkant veg eller ytterkant fortau. Hytterenovasjon For hytterenovasjon gjeld framleis ei bringeordning der hytteeigarar leverer papp/papir, glas- og metallemballasje frå mat- og drikkevarer og restavfall til sjølvbetjente returpunkt. Hytteeigarar kan også bruke miljøstasjonane og levere avfall her på same vilkår som fastbuande.Frå 2025 vil det bli etablert tilbod om utvida kjeldesortering i hytteområde av nokon storleik. Her vil ein kunne levere matavfall og plastemballasje til utplasserte behaldarar. Har du hytte i Aurmoen og området rundt Felleskjøpet? Les her! Har du hytte i Aurmoen og området rundt Felleskjøpet så er det konteinar for hytteavfall ved Ånstad. Se kartutsnitt vedlagt.Kart med avfallskonteinar kartutsnitt Ånstad Rettleiar for bygging av leskur (til avfallsdunkar) NGR har utforma ein rettleiar for bygging av leskur til dei nye avfallsdunkane.Last ned rettleiar (PDF, 108 kB) Skjermdump frå NGR Sist endret 04.10.2024 14.19
Viktig melding frå Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal, og NGR startar nå med ...
Informasjon knytt til kjeldesortering frå NGR I 2025 startar NGR med kjeldesortering. Her kjem litt informasjon knytt til dette.