Frå 1. januar 2021 kan du endre frå kvartalsvise til månadlege kommunale fakturaer

Klikk for stort bilde AdobeStock    

Månadleg fakturering av kommunale avgifter

Skjåk kommune vil frå 01.01.2021 tilby månadleg fakturering av kommunale eigedomsavgifter. Vi ynskjer at kundane fortrinnsvis nyttar seg av e-post, efaktura eller avtalegrio.
Ynskjer du å endre frå kvartalsvise fakturaer til månadlege, så send ein e-post til post@skjaak.kommune.no eller ring 61 21 70 00.
Vi treng informasjon om gards- og bruksnummer, adressa avtala gjeld og namnet ditt.  
 

Kommunale avgifter

Dei årlige kommunale avgiftene fakturerast i 4 terminar med forfall:
  • 15. februar Termin 1: 01.01.-31.03.
  • 15. mai Termin 2: 01.04.-30.06.
  • 15. august Termin 3: 01.07.-30.09.
  • 15. november Termin 4: 01.10.-31.12
Hytterenovasjon og feiing/tilsyn på fritidsbustad vil bli fakturert i sin heilheit på 3. termin med forfall 15.08.
Eigedomsskatten på verker og bruk blir fakturert på 2. og 4.termin.
 

Månadleg faktura vil ha forfall den 15. kvar månad

Overføring frå kvartalsvis faktura til månadleg faktura må tilpassast kommunens ordinære kvartalsvise fakturering. Dette inneberer at dersom det er utstedt faktura for eit kvartal kan ikkje månadleg fakturering starte før perioden er ferdig. Har du motteke faktura for perioden 01.01.2021-31.03.2021 og melder inn at du ynskjer månadleg faktura, vil månadleg fakturering starte frå og med 1.4.2021.
Ved sal av eigedommen vil avtala om månadleg fakturering fylgje med over til ny heimelshavar. 
Dersom det seinare er ynskje om å skifte frå månadleg til kvartalsvis faktura må det gjevast beskjed om dette til kommunen. Kvartalsvise faktura har forfall 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.