Fele Opplæringa er mest basert på spel etter gehør, men du skal og få lære å spele etter noter. Du vil få opplæring med basis i folkemusikk, men og prøve deg på andre spelestilar og sjangrar. Det vert brukt feler med forskjellig storleik, alt etter kva som passar deg best. Samspel er ein viktig del av undervisninga. Undervisning blir gjeve både i Lom og Skjåk. Søk deg inn på fele her: Påmelding FELE Opplæring på fele Programmet har opptak for elevar som ynskjer å lære å spele fele. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i samspelsgrupper. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. Undervisningsplanar Lenke til Nasjonal fagplan musikk. Sjå "Kapittel 3 - Fagplanene". Lokal læreplan for fele (PDF, 137 kB) Sist endret 08.03.2022 11.01