Trekkspel og torader Opplæringa her er mest fokusert rundt folkemusikk og gammaldans, men du vil og få prøve deg innan andre sjangrar og stilartar. Det er individuell opplæring, men samspel vil vera ein del av undervisninga. Undervisning blir gjeve både i Lom og Skjåk. Søk deg inn på trekkspel og torader her: Trekkspel og torader Opplæring på trekkspel og torader Programmet har opptak for elevar som ynskjer å lære å spele trekkspel og torader. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i samspelsgrupper. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. Undervisningsplanar Lenke til Nasjonal fagplan musikk. Sjå "Kapittel 3 - Fagplanene". Lokal læreplan for trekkspel (PDF, 95 kB) Lokal læreplan for torader (PDF, 96 kB) Sist endret 08.03.2022 10.59