Visuell kunst er for barn og ungdom frå 3. klasse og oppover. I opplæringa får elevane høve til å oppdage og utvikle sine evner i møte med kunstnariske verkemiddel, materialar, reiskap, teknikkar, visningsarenaer og ei inspirerande undervisning. Opplæringa i visuell kunst baserer seg på handtverk og grunnleggjande ferdigheiter, samt stimulere elevane sin fantasi og kreative flyt. Elevar som tek del i aktiviteten over fleire år vil etter kvart finne sitt eigeuttrykk, skjerpe blikk og hand, samt skape sin identitet innan kunstfeltet. Kjerneprogrammet i visuell kunst krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve kunstnarisk utvikling, framdrift og eigentrening.
Undervisninga blir gjeven i Skjåk. Søk deg inn på visuell kunst her:
Påmelding VISUELL KUNST
Visuell kunst gjev opplæring innan ulike tema, arbeidsområder, fagfelt og fag.
Komponentar i undervisninga vil vere;
- Strek og flate
- Farge og tekstur
- Komposisjon, struktur og taktilitet
- Tid og rom
- Kropp
- Tredimensjonal form
- Form og funksjon
- Abstraksjon og forenkling
- Teknikk-/ verkty-/ materialbruk
- Finne hensikt og sjå samanheng
Mål for undervisning:
Gjennom arbeidet med visuell kunst skal elevane:
- Mestre fagspesifikk basisdugleik i ulike teknikkar og kunstsjangrar
- Tileigne seg eit bredt spekter av materialkunnskap
- Utvikle kritisk sans, grundigheit og tålmod
- Utvikle evne til kommunikasjon, analyse, og refleksjon i eit lærings- og arbeidsfellesskap
- Utvikle sin uttrykksevne, formsans og sine kunstfaglege ferdigheiter
- Arbeidet med kunsthistorie og lokalhistorie i praktisk arbeid
- Utvide sitt perspektiv og si kulturforståing gjennom utforsking av fortid, nåtid og framtid
- Tileigne seg eit naudsynt omgrep- og analysereiskap for å samtale om visuelle uttrykk
- Delta i skapande prosessar frå ide til produkt
- Utvikle sin ibuande glede over å skape og oppleve mesitring
- få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i visuell kunst og andre aktuelle kunst- og kulturområde.
Læringsmål innan visuell kunst:
Faget er inndelt i fire faser. Innan alle fasene skal elevane jobbe med fire handlingsområder: skape, formidle, reflektere og sanse
Døme på læringsmål:
• Delta i skapande prosessar frå ide til produkt
• Utvikle eit godt fagspråk
• Lære gjennom leik, utforsking, eksperimentering og refleksjon