Velkomen til Lom og Skjåk kulturskule

Velkomen til Lom og Skjåk kulturskule

Vi er ein interkommunal kulturskuleskule for kommunane Lom og Skjåk. Kulturskulane i Norge er forankra i opplæringslova, paragraf 13-6: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.» 

Kulturskulen er ein skule, eit fritidstilbod og kulturtilbod 

Lom og Skjåk kulturskule har mange ulike undervisningstilbod. Sjå lenke til alle undervisningstilboda.  Dykk kan også sjå oversikt her på kven som underviser i dei ulike faga. Søknadsfrist for alle tilbod er 1. juni kvart år, og du må nytte elektronisk søknadsskjema. På grunn av stor interesse har vi få ledige plassar på ein del av tilboda. Alle som søkjer innan fristen er med på opptaket, og dei som søkjer etter fristen får berre plass på dei aktivitetane som ikkje er fulle. Dersom elevar ikkje kjem inn på tilbodet dei ynskjer, har vi ventelister.

Dersom du skal halde fram eit år til, eller slutte som elev ved kulturskulen

må du re-registrere deg i speedadmin.dk. Frist for re-registrering er 1. juni kvart år. Portalen for re-registrering vil vera open frå 1. april til 1. juni. Elevar som ikkje er re-registrerte innan denne fristen, blir registrert som slutta.

Dersom du står på venteliste

og ynskjer å halde fram med dette, må du re-registrere deg i speedadmin.dk. Frist for re-registrering av ventelisteplass er 1. juni kvart år. Portalen for re-registrering vil vera open frå 1. april til 1. juni. Elevar på venteliste som ikkje er re-registrerte innan denne fristen blir sletta frå ventelista.

Slik loggar du inn i speedadmin.dk

  • Brukarnamn: Dei seks fyrste siffera i personnummeret til føresette eller barna.
  • Passord: Dette har du laga sjølv, eller må lage sjølv. Har du gløymt passord, klikk på "glemt passord".

Du må vera elev gjennom heile skuleåret

Ein forpliktar seg til å vere elev heile skuleåret. Dersom eleven likevel sluttar i løpet av -året, må han betale full elevavgift. Oppseiing i løpet av året skal sendast til rektor.

Lenke til Barne- og ungdomskulturmeldingen kap. 8

Nasjonale mål for kulturskulane i Norge

Kulturskulen skal:

  • gje alle elevar moglegheit til å utvikle kunnskap og dugleik i kunstfag
  • gje alle elevar moglegheit til å finne og formidle eigne kunst- og kulturuttrykk
  • styrke elevane si estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse
  • styrke elevane si evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val
  • gje moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning innan kunst- og kulturfag
  • saman med skuleverket medverke til eit heilskapleg kunst- og kulturfagleg tilbod til alle barn og unge
  • som lokalt ressurssenter medverke til å styrke kulturell kompetanse og utvikling
  • saman med kulturlivet tilby kunst- og kulturfagleg støtte til opplæring og formidling til heile lokalsamfunnet

Visjon og verdiord for Lom og Skjåk kulturskule.