Program SOLfestivalen 2025 - Skjåk kommune

Program SOLfestivalen 2025

Etter suksessen i fjor, vil vi igjen samle bygda til ein kulturfestival med små og store arrangement.

Plakat SOLfestivalen 2025 i Skjåk - Klikk for stort bilde

 

Velkomne til SOLfestivalen i Skjåk 3.–9. mars 2025

Målet er å helse sola attende og samtidig feire mykje av det fine vi har i Skjåk. Vi inviterer dykk til å bli med på feiringa, der næringsliv, lag og foreiningar kan syne seg fram og bidra til å skape ei minnerik oppleving og eit fellesskap i sola sitt teikn.

Her er programmet pr 26/2-25:

Måndag 3. mars

Måndag 3. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Opning av FrøbiblioteketKommunehusetSkjåk folkebibliotek
10.00Opning av SOLutstillinga som er laga av barnehageungarKommunehusetSkjåk folkebibliotek
10.00Opning av fotoutstillingSkjåk folkebibliotekSkjåk Historielag
11.00Måndagsforedraget - «Utvandring: En Norsk Amerikansk historie» ved Trond BjolandSkjåk folkebibliotekEldrerådet og Skjåk folkebibliotek
17.00Fastelavensfest med bolleverkstad for dei som fyller fire år i 2025. Utdeling av fireårsbok.Kraftverket, BismoKyrkja i Skjåk
18.30Spinning v/GretheSnikkerietSkjåk IL

 

Tysdag 4. mars

Tysdag 4. mars
KlKvaKorArrangør
12.00Kjerringtreff. Ope for alle kvar tysdag kl 12-14. Kaffi og bitetiGamle Nordberg S-lagSkjåk Husflidslag
13.00Teater Grimsborken med eventyret PannekakaSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
14.00Badminton frå kl 14-15.30 v/ MartSkjåkhallenSkjåk IL
17.00Opning av Ungdommens husSkjåk FriviljugsentralSkjåk Friviljugsentral
19.00Amerikavalsar og andre leikarSkjåk folkebibliotekTonje og Stein Magne Barkenæs Eggen

 

Onsdag 5. mars

Onsdag 5. mars
KlKvaKorArrangør
10.00GUL frukostSkjåk friviljugsentralSkjåk demensforening
10.30SOL-turFrammøte på SkeimoplassenLHL-Skjåk
11.30SOLfest for bebuarane på SkjåkheimenSkjåheimenSkjåkheimen
12.00Hjarte-møteSkjåk folkebibliotekLHL-Skjåk og Skjåk folkebibliotek
17.00Barnetrim frå kl 17-18 v/ StineSkjåkhallenSkjåk IL
18.00IsbadingVed Dagsturhytta i BismoDNT Gudbrandsdal
18:00HusflidskafeGamle Nordberg samvirkelagSkjåk husflidslag
19.00Dametrimmen v/Liv Hege og Ragnhild2. etasje i SkjåkhallenSkjåk IL

 

Torsdag 6. mars

Torsdag 6. mars
KlKvaKorArrangør
11.00-13.00SOLfest i skulegarden med naturstig, leik og aktivitetar. Sal av solbollar og kaffi. Festen er open for alle. Vi oppmodar alle til å ha på seg noko gult.Skjåk barne- og ungdomsskuleSkjåk barne- og ungdomsskule
12.00- 15.30Open dag i avishuset FjukenFjukenhusetFjukengjengen
18.00Foredrag med Maria Berg Hestad . ”Dyrk enkelt“Skjåk folkebibliotekNæringskontoret, Skjåk folkebibliotek og Lom og Skjåk Hagelag

 

Fredag 7. mars

Fredag 7. mars
KlKvaKorArrangør
17.00Opning av varmtvassbassengetSkjåkhallenSkjåk kommune

 

Laurdag 8. mars

Laurdag 8. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Badminton v/ Mart kl 10-11.30SkjåkhallenSkjåk IL
12.00Familiesangstund med Camilla GranlienSkjåk folkebibliotekJakupscena

 

Sundag 9. mars

Sundag 9. mars
KlKvaKorArrangør
13.00Skisportens dagBotnSkjåk IL

Kontakt
Vi ser fram til å feire sola saman med dykk alle.  Ta gjerne kontakt for meir informasjon:
Marianne Stensgård: marianne.stensgard@skjaak.kommune.no
eller
Sigrun Eide: sigrun.eide@skjaak.kommune.no

Litt om programpostane

Offisiell opning av Varmtvassbassenget. Velkomne til Beach party!

Bilde av barn i eit basseng - Klikk for stort bilde


Vi er glade for å invitere dykk alle til den offisielle opninga av varmtvassbassenget i Skjåk, eit  tilbod som er til glede for store og små. 

Det blir teknisk omvising kl 12 og kl 14 og familiefest kl 17. Her blir det konkurransar og moro for heile familien.

Nyt kaffi, vaflar og bollar med den smakfulle Anno-osten – alt servert frå den populære Anno-tilhengaren som er plassert inne i Skjåkhallen denne dagen.

Ta med deg godt humør og bli med på ein minnerik dag for bygda! Ta med badesaker om du vil bade, det blir også høve til å sjå den "nye" svømmehallen for dei som ikkje vil bade.

Kvar: Skjåkhallen. Når:  Fredag 7. mars. Arr: Skjåk kommune

Skjåkværar i Amerika - ei unik fotoutstilling

Skjåkværar i Amerika. Foto: Skjåk Historielag - Klikk for stort bildeSkjåkværar i Amerika

Utstillinga er laga i samband med  Utvandrarjubileet i 2025 og markerer at det er 200 år sidan den fyrste utvandringa til Amerika tok til. Utstillinga inneheld fleire namna bilete på lerret av skjåkværar og blir opna måndag 3. mars under SOLfestivalen. Utstillinga heiter “Røter i Skjåk - greiner i Amerika”.

Arr: Skjåk historielag. Kvar: Skjåk kommunehus. Når: 3. mars – 20. august 2025

SOLutstilling ved barnehageungar

Opning av SOLutstillinga i Skjåk. Foto: Sigrun Eide - Klikk for stort bilde

Det er barnehageungar frå Skjåk som lagar den populære SOLutstillinga på kommunehuset.  I år blir utstillinga opna 3. mars under SOLfestivalen.

Kvar: Skjåk kommunehus. Når: 3. mars – 9. mars

 

Familiesongstund med Camilla Granlien

 

Portrett av Camilla Granlien. Foto Ingvil Skeie Ljones - Klikk for stort bilde Ingvil Skeie Ljones

Velkomne til ein konsert som er til glede for barn, vaksne og besteforeldre. Her får duhøyre kjende og kjære songar som heile familien kan syngje med på.  I folkesongen og eventyra er det spennande historier om folk og dyr, rare hendingar og artige påfunn. Bli med inn i historiene om riddarar, jomfruer, kvardagsheltar og sjarmørar.

Camilla Granlien har vunne Landskappleiken i Vokal kl A heile tre gonger og ho har motteke Kongepokalen for songen sin. Ho har turnert med og utan band, ho har spelt musikk for folk i alle aldrar og ho har jobba som frilans folkesongar, musikar, låtskrivar og kulturformidlar i 20 år.

Arr: Jakupscena. Kvar: Skjåk folkebibliotek. Når: Laurdag 8. mars kl 12.

Maria Berg Hestad - folkekjær hageekspert

Portrett av Maria Berg Hestad - Klikk for stort bilde


Maria vil syne deg korleis du kan dyrke grønsaker på liten plass. Du får praktiske tips til korleis du på kort tid og med enkle grep kan etablere ein fullverdig kjøkkenhage ved hjelp av t.d. pallekarmar. Du får også tips til korleis du kan få fleire avlingar på ein sesong. Visste du at 12 pallekarmar kan gje opptil 100 kg grønsaker på ein sesong? Eigenproduserte grønsaker smakar forresten heilt fantastisk. Kom og få tips til korleis du kan forvandle ein liten hageflekk til ditt eige beredskapslager.

Visste du at du kan lage næringsrik og miljøvennleg jord av matavfallet ditt? Med bokashi kjøkkenkompost kan du lage jord av alt matavfall; enkelt, raskt og utan vond lukt. Du treng to lufttette bøtter, bokashistrø og litt jord.

Kvar: Skjåk folkebibliotek. Når: Torsdag 6. mars kl 18

Isbading

Isbading i Skjåk - Klikk for stort bilde DNT Gudbrandsdal

DNT Gudbrandsdalen inviterer til isbading ved Dagsturhytta i Bismo under trygge rammer. Dei melder at det har vore fleire vellukka isbade-arrangement i Skjåk i vinter, og at stadig fleire ynskjer å teste om dette er noko som freistar til gjentaking.

På bilete ser du ein "hælåg" skjåkvær som isbadar og kosar seg ved dagsturhytta i Bismo.

God bading!

Kvar: Ved dagsturhytta i Bismo. Når: 5. mars kl 18.  Arr: DNT Gudbrandsdal

Gode tilbod i Skjåk under SOLfestivalen 2025

Synnes Venleik og Velvære
- har tilbod på SOLkrem denne veka.

Akantus Blomster 
-  på Skjåk kjøpesenter melder at dei har SOLstikk denne veka med fleire gode tilbod. Fylg med på facebooksida deira.

Skjåk kjøpesenter 
- skal pynte med fine SOLer og har fleire gode tilbod denne veka.

Godbiten Cafe
- på Skjåk Kjøpesenter melder at dei har tilbod på SOLbollar og kaffi denne veka.

Fjellbit
- Ragnhild melder at ho har tilbod på SOLblomesåpa Ringblomstsåpe denne veka til kr 99 i nettbutikken: Fjellbit.no. I tillegg vil det vere tilbod om fri frakt til alle postkasser i Skjåk.

 

Meld frå om du har noko du ynskjer å ha med her.

Bli med og lys opp festivalen!

  • Næringslivet: Tilby spesialtilbod, solrelaterte produkt, eller arranger ein aktivitet med tema SOL. Pynt butikken med gule detaljar og inviter kundane til ein solrik handel.
  • Lag og foreningar: Vis fram aktivitetar med kreative innslag, konkurransar eller oppvisningar. Lat publikum få eit innblikk i kva de driv med og få nye medlemmar på laget!

Idear til bidrag:

  • Tilbod på SOLO eller gule varer
  • Gule utstillingar og dekorasjonar
  • Konkurransar som "Finn sola" eller quiz med soltema
  • Aktivitetar og oppvisningar frå lokale lag og foreiningar
  • Det er friluftslivets år i år, så finn gjerne på noko utandørs.

Festivalen er ei fin moglegheit til å skape engasjement, styrke fellesskapet og vise fram det mangfaldige og levande lokalmiljøet i Skjåk.

Vi oppdaterer programmet på denne nettsida kontinuereleg,
Vi tek atterhald om endringar i programmet.