Diktardagar byr på ei helg fylt med god musikk og litteratur - Skjåk kommune

Diktardagar byr på ei helg fylt med god musikk og litteratur

I år markerer Diktardagar eit viktig historisk jubileum, det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Med temaet "Vandring og forandring" rettar festivalen blikket både bakover og framover – frå dei som forlet heimlandet for å søkje lykka i Amerika, til dei som i dag kjem til Noreg for å finne ein ny heim.

Plakat for Diktardagar 2025 - Klikk for stort bilde

 

Velkomne til Diktardagar 2025

Diktardagar legg stor vekt på å inkludere barn og unge.

6. klassingane i dei tre kommunane får møte Iben Akerlie og elevar frå vgs. og ungdomsskulane er inviterte til eit litteraturseminar.

Portrett av Lina Haug Randen - Klikk for stort bildeLina Haug Randen kjem til Diktardagar Camilla Haug Letrud

Opninga av årets Diktardagar skal gå føre seg fredag kveld i Vågå kulturhus, her blir det m.a. utdeling av Diktardagarprisen, musikk med Lina Haug Randen, Ranglarkampen Kamferkor og opplesing ved Therese Tungen. 

Laurdag blir det m.a. eit litteraturseminar i Lom, “Bok og musikk” med Ellen Vahr, Svein Brennhaug og Mari Eide Lindsheim i Skjåk, og forfattarbesøk av Therese Tungen og Guri K. Merakerås i Vågå og Lom. På kvelden blir det gjensyn med kabaretforestillinga Diktarplagar i Utgard og seinare eit bokbad med fleire forfattarar på Fossberg Hotell.

Laurdag kl 14 blir musikk og opplesing på sjukeheimane i dei tre bygdene våre.  I Skjåk skal Svein Brennhaug og Mari Eide Lindsheim ha ein minikonsert.

Sundag er det ei utflukt i fotspora til Jan-Magnus Bruheim, med guiding og programinnslag i ulike grender i Skjåk.

Festivalen blir avslutta i Vågå med ein Dylankonsert med Ranglarkampen Kamferkor.

 

Program og informasjon om Diktardagar 2025