Frå i dag kan du førehandsstemme!

Bilde av valgurne - Klikk for stort bilde

Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023. Vel du å førehandsstemme, kan du stemme frå kvar som helst i landet frå 10. august til 8. september. På valdagen 11. september, er du nøydd til å stemme i den kommunen du er folkeregistrert i.

Frå i dag kan du førehandsstemme!

  • Du kan førehandsstemme frå 10. august til og med 8. september.
  • For å stemme må du ha med legitimasjon med bilete, namn og fødselsdato.
  • Godkjent legitimasjon er mellom anna pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (fysisk eller digitalt) og bankkort med bilete.
  • Du kan ta med valkortet ditt, men det er ikkje eit krav.
  • Du kan førehandsstemme frå kva som helst vallokale i heile landet, men du kan berre gje personstemmer dersom du førehandsstemmer i kommunen du er folkeregistrert i.
  • På valdagen 11. september, men då må du stemme i kommunen du er folkeregistrert i.
  • Du kan ikkje angre stemma di etter at du har levert ho.

Her finn du oversikt over lokala du kan stemme ved.

Les også meir om valet her på heimesida eller på nettstaden Valg.no

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway