Innbyggjarappen Civis byter namn - Skjåk kommune

Innbyggjarappen Civis byter namn

Frå 26. mai 2025 byter Civis namn til Friskus kommune. Appen vil fungera på same måte som i dag, men med ny logo og nye fargar. 

Friskus har teke over ansvaret for innbyggjarappen Civis

I Skjåk er det KUN funksjonen Innbyggermelding som er i bruk. I innbyggermelding kan innbyggjarar melde ifrå om feil og manglar – til dømes feil på gateljos, hol i vegen eller brøyting og strøing. 

Les meir om appen

Bedrifta Friskus har teke over ansvaret for innbyggjarappen Civis. I samband med dette har appen få nytt namn, «Friskus kommune». Namnebytet gjer det mogleg for innbyggjarar i fleire kommunar å ta i bruk innbyggjarappen.

Friskus

Kva betyr dette for meg?

  • Det er ingen endring i funksjonalitet. Alle funksjonar og tenester vil vere på same stad som du vanlegvis finn dei.
  • Appen får ny logo og fargar. Appen vil få ny logo og nye fargar som representerer endringa.
  • Du må oppdatere appen.

Etter 26. mai 2025 må du oppdatera appen til den seinaste versjonen for at endringa skal tre i kraft.

Slik oppdaterer du appen

1.      Opna App Store eller Google Play.

2.      Søk etter Friskus.

3.      Trykk på Oppdater for å installera siste versjon.

Slik vil appen sjå ut etter endringa

Friskus app

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde