Oppdatering om flaumen i Skjåk - tysdag 16. oktober - Skjåk kommune

Oppdatering om flaumen i Skjåk - tysdag 16. oktober

Det ordinære tenesteapparatet i Skjåk kommune fungerer no som normalt.

Kl 16:15

  • Skjåk kommune ynskjer ei oversikt over kven som ikkje kan flytte heim grunna flaumen, ver vennleg ring oss på tlf. 61217000 (kl 09.00 - 15.00).
  • Har du spørsmål til Skjåk kommune som gjeld flaumen, kan du ringe tlf 6121700 eller sende e-post til: post@skjaak.kommune.no

Kl 15:40
Alle vegar i Skjåk er no opne med unntak av Sotvegen som er stengt. Marlo bru er stengt.

Kl 15:20
NAV Lom og Skjåk har vanleg drift frå i morgon onsdag 17/10 kl 08:00.

Kl 13:25
Aurmo vassverk er no i drift att. Hugs å tappe mykje vatn før du nyttar det. Du må fortsatt koke drikkevatnet.

Kl 13:05
Bankkontoret i Skjåk er ope fram til kl 20 i kveld

Her er ei melding frå SpareBank1 Lom og Skjåk:

«Bankkontoret i Skjåk vil holde åpent til kl. 20 i kveld, der våre ansatte, Randi, Laila og Trond, er til stede.
I tillegg kommer det oppover to ansatte i dag fra SpareBank 1 Forsikring som også vil være i bankens lokaler og bistå de som trenger hjelp.»

Kl 13:00
Miljøstasjonen i Skjåk blir opna i dag tysdag 16/10 kl 14 -18.
Pass på at du ikkje kastar ting som kan vere ei forsikringssak.

Kl 12:30
Idrettshallen og svømmelhallen har no vanleg drift.

Kl 12:10
Om glasopor i elva

Grunna flaumen er glasopor frå Glasitt komme ut i elva. Det er difor lagt ut lenser i Vågåvatnet for å samle opp dette.
Det som lensene fangar opp vil bli sortert og glasoporen blir sendt tilbake til Glasitt.

Vi ber om at dei som har fått mykje glasopor på eigedommen sin, tek kontakt med sin kommune.

Det vil i løpet av kort tid bli eit møte mellom Fylkesmannen og kommunane Vågå, Lom og Skjåk, Glasitt og andre involverte partar om korleis vi best kan handtere denne situasjonen. Meir informasjon vil fylgje etter dette møtet.
Dette er ikkje farleg avfall.
 

Kl 11:30

NAV Lom og Skjåk er framleis stengt grunna straumbrot.
Ved behov for kontakt, ring tlf. 55 55 33 33 eller gå inn på www.nav.no.
Ved krise, ring tlf. 90 11 29 84.

Kl 10:15
Flaumen er på retur i Skjåk.

Skjåk kommune ynskjer ei oversikt over kven som ikkje kan flytte heim grunna flaumen, ver vennleg og ring oss på tlf 90 98 42 76.

Har du spørsmål til Skjåk kommune som gjeld flaumen, kan du ringe tlf 90 98 42 76 eller sende e-post til: post@skjaak.kommune.no

Alle evakuerte i Skjåk kommune kan no vende attende til sine heimar.

Abonnentar til Aurmo vassverk må vise måtehald. Nivået er kritisk lågt, det blir transportert vatn dit og det blir jobba med saka.

Alle vegar i Skjåk er no opne. Marlo bru er stengt.

Vi oppmodar fortsatt alle som er tilknytta offentlege vassverk og har flaumutsette private brunner til å koke vatnet.

Vi åtvarar alle til å halde seg unna elvekanten no når elva trekkjer seg tilbake. Det er fare for at elvekanten/skråninga kan rase ut.

Renseanlegget fungerer som normalt.

Idrettshallen og svømmehallen har no vanleg drift.

Meir informasjon om flaumen i Skjåk: