Skjåk kommune vil ha nye lærlingar i 2021

Frå venstre: Elise Øverli  Bore - lærling i institusjonskokkfaget, Joachim Eriksen Nerland- lærling i IKT- servicefaget og Ingrid Teigen Håkenstad – lærling i helsearbeiderfaget.  - Klikk for stort bilde Elin Bakke Årets (2020/21) lærlingar frå venstre: Elise Øverli  Bore - lærling i institusjonskokkfaget, Joachim Eriksen Nerland- lærling i IKT- servicefaget og Ingrid Teigen Håkenstad – lærling i helsearbeiderfaget. 

Skjåk kommune vil ha nye lærlingar

Kvar haust vil kommunen ta inn fleire nye lærlingar, og det er fleire aktuelle fag i forhold til læreplassar. Dette kan være:

  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • IKT-servicefag
  • Kontor- og administrasjonsfag

Ta kontakt med Skjåk kommune viss du ønskjer meir informasjon. Vi håpar på mange gode søkjarar og eit spennande lærlinginntak.

Skjåk kommune er godkjent lærebedrift i tilsaman seks fag. Lærlingane er svært positive for arbeidsmiljøet, rekruttering av ungdom blant erfarne medarbeidarar er positivt. Lærlingane er verdifulle og produktive medarbeidarar, og kommunen får tilskot frå Fylkeskommunen som er med å finansiere lærlingordninga. Kommunen tek eit samfunnsansvar ved å bidra til at ungdom kan skaffe seg fagutdanning. Mange av dei tilsette kommunen har i dag har vore lærlingar i Skjåk før dei fekk fast jobb.