Varsel om stolpe- og kabelsanering i Skjåk kommune - Skjåk kommune

Varsel om stolpe- og kabelsanering i Skjåk kommune

Linjeproff AS har fått i oppdrag frå Telenor Norge AS å gjennomføre sanering av stolpar og kabelstrekk i Skjåk kommune. Arbeidet vil i hovudsak skje langs hovudvegar og linjestrekk i områda Bråtå og Dønnfoss. Arbeidet startar i mai og vil halde fram utover sommaren 2025.

Informasjon om sanering av stolpar og kabelstrekk i Skjåk kommune

Linjeproff AS har fått i oppdrag frå Telenor Norge AS å gjennomføre sanering av stolpar og kabelstrekk i Skjåk kommune. Arbeidet vil i hovudsak skje langs hovudvegar og linjestrekk i områda Bråtå og Dønnfoss. Arbeidet startar i mai og vil halde fram utover sommaren 2025.

Det er viktig å merke seg at det berre er stolpar og kabelstrekk som er frigjevne for sanering som inngår i arbeidet. Stolpar med straumførande kablar er eigd av straumselskapet, og desse vert ikkje rørte. I desse traseane skal berre Telenor sin kobberkabel fjernast. Det same gjeld stolpar der det er, eller er planlagt, montering av fiberkabel.

Saneringa av kobbernettet vil gå føre seg over fleire år, og arbeidet er delvis styrt etter vedtak frå NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit).

Vi gjer med dette merksam på at delar av arbeidet vil skje på privat grunn. Privat utstyr som antenner, utebelysning o.l. i stolpar er ikkje tillate. Slike installasjonar må fjernast før arbeidet tek til.

Det er ikkje høve til å overta stolpane etter at dei er sanerte. Dette fordi stolpane inneheld miljøgifter, og Telenor må forhalde seg til krav frå styresmaktene om forsvarleg destruering.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Linjeproff AS.

  • Project support,  Ronny Østli, 909 97 114
  • Contract & Communication Manager, Jørn-Bjarne Johansen 905 81 929
  • E-post: sanering@linjeproff.no 

Vedlegg:

  1. Brev til Skjåk kommune (DOCX, 44 kB), teknisk etat 24. april 2025. Avsender Linjeproff AS
  2. Kart med oversikt som viser stolpene LinjeProff skal arbeide i.  med fullmakt frå Telenor

Kontakt

Bernt Dahl
Teknisk sjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 453 13 301