Vedtak av planendringar – Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo

illustrasjonsbilde - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Vedtak av planendringar – Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo

Kommunestyret i Skjåk gjorde 15.06.2023 i sak 52/2023 vedtak om å godkjenne revisjon av detaljreguleringsplanen for flaumsikringsanlegga ved Skamsarvegen. Vedtaket er gjort i medhald av § 12-14 andre ledd i plan- og bygningslova, og gjeld mindre endring av planlagd turveg på kommunal grunn utafor Skamsarvegen 56, 58,60, 62 og 15. Det er tidlegare gjort ei endring av den opphavlege reguleringsplanen ved inntaket av Fjuken med vedtak i kommunestyret 30.03.2003 i sak 25/2023.

Når det gjeld endringa ved Skamsarvegen, enda flaumvollen og turstigen oppe på denne mot den kommunale vegen i den opphavlege reguleringsplanen for flaumsikringsanlegga frå 2022. Turgåarane skulle bli viste til å gå eit stykkje på den kommunale vegen før dei kunne gå på turveg att vidare austover. Planendringa som no er vedteken, gjer at det er gjort endringar på flaumvollen og turvegen her, slik at det no vil bli samanhengande stig/turveg utafor Skamsarvegen.

Når det gjeld endringa ved inntaket av Fjuken nedfor Skeisvegen, har den sin bakgrunn i at detaljprosjektering av sikringsanlegga i regi av NVE, viste at det er nødvendig å dimensjonere opp bekkeinntaket av Fjuken for å oppnå tilstrekkeleg sikkerheit. I den oppdaterte deltaljprosjekteringa, er inntaket av Fjuken planlagt med ein større innlaupskonstruksjon enn i den opphavlege reguleringsplanen som frå 2022. Inntakskonstruksjonen skal samle opp vatnet i bekken og leie vatnet inn i eit røyr som går vidare ut i Ottaelva, og samtidig holde tilbake stein, grus og rekved som kjem med bekken slik at dette ikkje tettar røyret. Med omsyn til at sjukeheimen ligg nedstraums, er anlegget prosjektert for å takle ein 1000-års flaum med 40 % klimapåslag.

Utbygginga av flaumsikringsanlegga er godt i gang, og skal da skje i samsvar med reguleringsplanen som var godkjend i 22.06.2022 med dei to reguleringsendringane som vart vedtekne i år som er nemnt ovafor.

Plandokumenta kan sjåast her under, og er også å finne på kommunen si kart-innsynsløysing.

Vedlagt vedlegg:

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678