Verdsspeidarleiren i Skjåk med 2500 speidarar frå 42 land

Sommaren 1948 kom det representantar frå Norsk Speidergutt-Forbund til Brit og Per på Mogard i Skjåk. Dei var på leiting etter ein eigna stad for å arrangere 4. World Rover Moot (verdsspeidarleir). Speidarleiren i 1949 vart ynskt hjarteleg velkomen, og det kom ikkje mindre enn 2500 speidarar frå heile verda til Skjåk. Talet er imponerande med tanke på at det var berre få år sidan krigen tok slutt. Dei utanlandske speidarane (også kalla roverar) var overvelda over kor gjestfrie skjåkværane var. 

Vannpiperøyking. Rover Moot Skjåk 1949 Norsk Speidermuseum

I 2019 er det 70 år sidan denne hendinga

Det er i dag ingen synlege minne her i Skjåk som fortel oss om hendinga. Men hendinga er godt dokumentert og det finst mange bilete.

Det er sett ned ei jubileumsnemnd som vil arbeide for å halde minnet om hendinga levande. Det er planlagt hyggekveldar, skulebesøk, konsert og kanskje eit minnesmerke i Bismo.

Jubileumsnemnda

  • Mari Brenna
  • Ola Brenna
  • Susanne Brenna
  • Rolv Kristen Øygard
  • Sigrun Eide
  • Kari Hånsnar

Har du ei god historie frå denne hendinga? Eller har du bilete? Vi i nemnda blir glade om du tek kontakt.

 

Da verda kom til Skjåk

Sjølve stemneplassen var der det i dag er idrettsbane. Leirområdet var 1000 m langt og 600 m breitt. Leirområdet vart raka og rydda av skulebarn frå Skjåk. Langs vegen vart det reist 42 flaggstenger, ei for kvar nasjon, folk kunne ikkje sjå seg mette nok på all den internasjonalisme som var representert her og interessa ute i verda var stor.

Innmarsj frå Tunis. Rover Moot 1949 Norges Speiderforbund Kven deltok?

2500 roverspeidarar få 42 nasjonar i alderen 17 – 25 år deltok. Deltakarane vart delt inn med 10 i kvar gruppe med kvar sin leiar som m.a. fekk ansvar  for matutlevering.

Kronprins Olav og opninga

Det var kronprins Olav som sto for opninga av det heile. Han var Norsk Speidergutt-Forbund sin høgaste beskyttar. Magnus Brenna hadde snekra saman ei treplatting som kronsprinsen sto på. Etter at kronprinsen under hornfanfarar hadde opna leiren, glei det internasjonale speidarflagget til topps på paradeplassens høge flaggstong. Ved opninga marsjerte alle landskontigentane inn på stemneplassen.

«Dere er alle speidere og kjenner speiderlovens krav om å være venner. Verden av i dag har et stort behov for dette vennskap, og jeg håper at oppholdet i leiren vil forsterke vennskapet mellom speidere verden over.» Kronprins Olav

Kronprins Olav besøkte fleire leirbål om kvelden, og etterpå hadde dei «store gutta» sitt eige leirbål i leiren. Kronprinsen overnatta i telt i leiren, og hans private politi sov i teltet ved sidan av. 

Kronsprins Olav under Rover Moot Skjåk i 1949 Norsk Speidermuseum

I dei neste dagane var speidarane opptekne med å byggje ut leirområdet sitt, lage elsdstader og å bli kjent med naboen, eller til å oppsøkje gamle kjenningar. Det var også store køar rundt utsala, og det vart kjøpt tusenvis av postkort med norske motiv.

Gudstenester

Det var fleire friluftskyrkjer med gudstenester for dei ulike trusretningane.

 Litt om hovudplagg, badstugu m.m.

  • Karane frå Pakistan hadde solide skinnluer og baka sitt eige brød på steinheller og glør.
  • Finnane hadde naturlegvis badstugu som dei bygde sjølve.
  • Inderne hadde grøne turbanar på hovudet.
  • Egypterne hadde fes – nokon tykte visst det såg ut som om dei hadde ei blomsterpotte på hovudet.
  • Libanesarane hadde eit kvitt sjeikaktig plagg på hovudet.
  • Speidarhattane var stort sett like, men speidarluene var ulike for kvar nasjon.

Litt om transporten

Det var ei utfordring  å få frakta alle speidarane til Skjåk. 

  • Dei skotske deltakarane reiste til Oslo med to S.A.S Skymasters.
  • 32 kanadiarar reiste til Liverpool med M/S «Samaria» og så vidare gjennom Europa med tog til Oslo.
  • Sveitsarane kom i hollandske kjempebussar som var så breie at dei måtte reise på vestsida av Mjøsa, Minnesundbrua vart rett og slett for smal.
  • Bagasjebilen, Ormen Lange, var av slike dimensjonar at to lag kunne ha spelt fotball inne i den.
  • Belgiarane  og sveitsarane var dei einaste som hadde buss frå utlandet. Dei raude og blåe bussane var flotte å sjå på og hadde skrifta «Belgium-Norway-Rover Moot 1949».
  • 25 italienarar gjorde turen frå Milano til Bismo og retur på moped. Avisene fylgde dei på vegen nordover.
  • Ei gruppe speidarar padla i sjølvbygde kanoar når dei skulle heimatt til Moss.
  • Dei fleste måtte fraktast med bussar og lastebilar til Otta. 

Litt om maten og italienarane som vaska seg med geitosten

Koseleg rundt matbordet. Rover Moot Skjåk 1949 Norges Speiderforbund Det var rikeleg og god mat. Mellom to furuer hang det innlånte suppeklokker som også fungerte som kyrkjeklokker. Det meste av maten kom frå Oslo. Brød og grønsaker kom frå Hamar, fisken frå Sørlandet, mjølka kom frå Skjåk. 

Speidarane måtte lage maten sjølve, men dei fekk råvarer og oppskrifter. Her er ei av dei:

  • Makrell Meuniere: Skjær hovudet av makrellen. Skjær filetene frå beinet på begge sider, frå hovudet til halen. Salt filetene, dypp dei i kveitmjøl og stek dei ljosebrune på begge sider
  • Kvardagskrem: Knus kavringane, server dei med kefirmjølk og farin.

Vi har ikkje bilete av at italienarane vaska seg med geitost, men her kjem dei på mopedane sine. Tenk at dei køyrde heilt frå Italia til Skjåk.

Italienske speidarar. Rover Moot Skjåk 1949 Norsk Speidermuseum

God stemning i sjukehusstaben. Rover Moot Skjåk 1949 Norsk Speidermuseum

Det vart ein heil by med:

  • Postkontor som selde frimerke, dei hadde til og med eige stempel. I fylgje postverket var det sendt om lag 20 000 sendingar med post, det kom også fleire tusen brev til leirdeltakarane. Portosats for Norge i 1949 var kr 0,25 for brev og kr 0,15 for postkort.
  • Bank
  • Telegrafteneste med fleire telefonliner. Ein hollandsk korrespondent sendte kvar kveld ein lengre reportasje i rikstelefonen direkte til Amsterdam, slik at morgonavisene der hadde like store artiklar som dei norske avisene
  • Sjukehus (Marlo skule)
  • Reisebyrå
  • Eit 14 meter høgt vakttårn
  • Opplysningskontor
  • Kino
  • Aviskiosk
  • Politistasjon
  • Pressekontor

Leirbål

Det var eit stort felles leirbål. I tillegg var det mange små leirbål, her oppsto mange nye vennskap på tvers av trusretningar og nasjonalitetar.

Leirbålet. Rover Moot Skjåk 1949 Norsk Speidermuseum

Aktivitetar

Dei tre siste dagane skulle speidarene på langtur, dei besteg Galdhøpiggen, gjekk Sota-Medalsbu-Lundadalen, besteg Hestbrepiggane, Lomsegga og Smørstabbreen.

Bartevask og losji

Medan speidarane overnatta i telt i leiren, så hadde både norske og utanlandske leiarar og nokre eldre gjestespeidarar pensjon på Mogard. Prinsen av Lichtenstein forlanga ekstra god sørvis, han ville ha rom med dusj og toalett og han måtte ha ei bolle med vatn på bordet til å vaske dei fine bartane under måltidet.

Dødsulykke

Det var trist med dødslulykka til speidaren Douglas Bentham som datt ned og slo seg i hel. Han var med ein tropp som kom over frå Lundadalen og skulle gå ned Flækøyhøa. I strid med reglane forlet han fylgjet for å gå ned ved Juva. Det vart hans siste fjelltur. Ulykka vart markert med ei minnestund i leiren. Alle dei 42 flagga vart fira på halv stong. Det var taler, song og musikk, og 30 skottar marsjerte og spelte på sekkepiper

Open leir

Sundag var det open leir for alle som ynskte å komme. Folk strøymde til frå aust og vest,  det blir sagt at om lag 10 000 personar vandra rundt omkring i teltleirane.

Konferansen på Elveseter i Lom

I samband med Rover Moot i Skjåk, vart også den 12. internasjonale leiarkonferansen arrangert på Elveseter. Her var 28 representantar frå 28 forskjellige speidarland.

Avslutningshøgtidlegheit

Her talte Speidarsjef Brekke og Oberst Wilson. Dessutan talte ein norsk rover på engelsk, fransk og norsk til dei utanlandske speidarane, han takka alle speidarane for for at dei ville komme den lange vegen til Norge og Skjåk.

    Kjelder:

    • Årbok for Gudbrandsdalen, 1999
    • Kvelds-seto, 1999
    • «Minne frå Speidarleiren i 1949» av Magnus Brenna
    • Filatelistisk Årbok 1998
    • Norges Speidermuseum

    Program