Vil du jobbe på Månen? - Skjåk kommune

Vil du jobbe på Månen?

Eller kanskje du heller vil jobbe på planeten Mars? Onsdag denne veka er det avslutningsfest for alle som har vore med på Sommarles 2025 i Skjåk. Da kan du m.a. få svar på om dette blir mogleg i framtida.

Base på Mars - Klikk for stort bildeBase på Mars

 

 

 

Program

MENY
Pysje med lompe og saft

UNDERHALDNING
“Kosmiske mysterium og spektakulære fenomen”
med Knut Jørgen Røed Ødegaard

PREMIAR
Hovudpremien er eit gåvekort på kr 1000
Trekning av fleire fine premiar

 

Bli med på ei reise ut i verdsrommet! Møt ein ekte astrofysikar på biblioteket  – Knut Jørgen Røed Ødegaard!

Vi får høyre om dei nyaste og kulaste tinga om Universet!

  • Er det liv på andre planetar?
  • Kva skjer når stjerner smeller saman?
  • Kan vi snart ta romheis – heilt opp i verdsrommet?
  • Og kva i all verda er eit svart hol, eit ormehol eller mørk materie?

 

Portrett av Knut Jørgen Røed - Klikk for stort bildeKnut Jørgen Røed

Du får høyre om ein mystisk gjest frå eit anna solsystem, og korleis framtida kan bli om du vil jobbe på Månen eller flytte til Mars.

Visste du forresten at det blir total måneformørking 7. september?

Vi gler oss til å høyre om kva som eigentleg gøymer seg ute i mørkret mellom stjernene!

Alle som har vore med på Sommarles i Skjåk skal ha fått invitasjon i postkassa.

 

Frå avslutningsfesten Sommarles 2024 i Skjåk - Klikk for stort bildeFrå avslutningsfest Sommarles 2024 i Skjåk Skjåk folkebibliotek