Bruk digital kommunikasjon med Skjåk kommune 

Skjåk kommune arbeider aktivt med å digitalisere tenestene for å gi betre, enklare og sikker service til deg som bur og driv næring i kommunen.

eDialog

Nå kan du sende brev og dokumenter sikkert til Skjåk kommune. I staden for å sende breva på papir i posten kan du nå nytte eDialog. E-post er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, e-post kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Skjåk kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit. Les meir om eDialog her.

eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post og post. 

ePortal

Du kan og bestille time hjå fastlegen din og reseptar digitalt. ePortal er ei internettbasert teneste som gjer det mogleg å kommunisere sikkert med fastlegen din. Nå kan du bestille legetime og fornye reseptar på nett. Logg deg på «MIN SIDE» hjå Skjåk legekontor i dag!