Skjåk legekontor

Skjåk legekontor ligg på kommunehuset sentralt i Bismo sentrum

Viktig melding

  • 22. april frå kl 13:30 tek Lom legekontoret øyeblikkeleg hjelp frå Skjåk.
  • 23. april tek Lom legekontor øyeblikkeleg hjelp frå Skjåk.
  • 29. april frå kl 13:30 tek Skjåk legekontor øyeblikkeleg hjelp frå Lom
  • 30. april tek Skjåk legekontor øyeblikkeleg hjelp frå Lom

 Dette grunna oppgradering av journalsystem desse dagane.

Skjåk legekontor

Legane

Øyeblikkelig hjelp

Helsesekretærane

Bestilling av time

Ringetimar

Sjukepleiar

Reseptar

e-konsultasjonar

Blodprøver

Kva er Helsenorge.no?

Kva kan Helsenorge.no brukast til?

Fastlegeordninga

Legane

Det er 4 legar ved Skjåk legekontor og frå 1 september LIS1 lege (turnuslege).

Øyeblikkelig hjelp

Oppstår det akutt sjukdom får du time på dagen, dette blir vurdert av den som svarer på telefonen. Det er viktig at du gjev oss god og presis informasjon slik at vi prioriterer rett. 

Helsesekretærane

Det er to (2) helsesekretærar ved legekontoret som svarer på telefonar, som hjelper deg med timebestilling og andre spørsmål. Dei har også ansvar for prøvetaking i laboratoriet.

Bestilling av time

Vi oppfordrer til å bestille på Helsenorge.no eller ringe 612 17 100

Ringetimer

Dersom du ringer legekontoret og vil at lege ringer deg opp att må du betale for dette. Dette blir rekna som ein telefonkonsultasjon.

Sjukepleiar

Er tilgjengeleg på legekontoret kvar dag frå måndag til fredag. Utfører diverse prøvetaking urin- og blodprøvar, øyreskylling, hørseltest, fjerning av suturar, injeksjonar og sårstell m.m.

Resepter

Fornying av resepter oppfordrar vi til å gjere på Helsenorge. 

E-konsultasjoner

Har du spørsmål til legen kan du bruke e-konsultasjon i HelseNorge. Her har legen 5 virkedager på å svare, men det går ofte mindre tid. På lik linje med andre konsultasjoner må du betale for dette. 

Blodprøver

Dersom du har tatt blodprøver så følger legen med på svaret. Er det noko avvik så tar legen kontakt med deg. Du kan også sende henvendelse i Helsenorge. 

Reise- og influensavaksinar: Blir gjennomført på helsestasjonen.

Kva er HelseNorge.no?

På helsenorge.no får du tilgang på tenester som hjelper deg å følgje opp eiga helse. Du kan laste ned app på tlf din eller bruke pc. 

Helsenorge.no kan brukast til: 

  • bestille time
  • e-konsultasjon med din fastlege
  • bestille resepter
  • Bytte fastlege
  • bestille frikort
  • få oversikt overreseptar 
  • oversikt over vaksiner
  • bestille Europeisk helsetrygdekort
  • bestille og kreve dekning for pasientreiser 
  • Du finn også informasjon om alle private og offentlege behandlingsstader og annan relevant informasjon.
  • tilgang til kjernejournalen din.
    • Kjernejournal er ein elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i din kjernejournal. Kjernejournal er tilgjengeleg på alle sjukehus i Norge, og er innført i alle kommunar og fylke.

Fastlegeordninga

Fastlegeordninga gjev deg rett til å få ein allmennpraktiserande lege som din fastlege. Det er Helfo som fordelar pasientane på listene til fastlegane. Dersom du ønskjer å byte fastlege, kan du gjere det ved å gå inn her på www.helsenorge.no, eller på lenka øvst på sida. Dersom du ikkje har fått tildelt fastlege, kan du bestille time hos legen du ønskjer å bruke.

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta

NGLMS - Nord-Gudbrandsdal legevakt og legevaktsentral
Telefon 116117

Selsvegen 20, 2670 Otta

Opningstider

Opningstider Skjåk legekontor

  • Dagar: måndag-fredag:
  • Opningstid legekontor: kl. 08:00-15:30
  • Telefon: 61 21 71 00
  • Telefontid: 08:15-11:30 og 12:30-15:00
  • Telefon onsdag: kl.09.00-11.30 og 12.30-15.00

Kart