Ny samfunnsplan for Skjåk - Skjåk kommune

Ny samfunnsplan for Skjåk

Samfunnsplanen handlar om kva slags Skjåk vil vi vere og kva slags Skjåk vi vil gje vidare.

Skjåk er meir enn kartutsnitt, tal og statistikk

Skjåk er meir enn kartutsnitt, tal og statistikk. Skjåk er summen av menneska som bur her, av kvardagsliv og draumar, av arbeid og fritid, av historie og framtid. Når vi no startar arbeidet med ny samfunnsdel, startar vi eigentleg ei samtale om kva slags Skjåk vi vil vere og kva slags Skjåk vi vil gje vidare.

Samfunnsplanen er ikkje berre eit styringsdokument. Den er eit felles løfte om å ta vare på det som gjer Skjåk til Skjåk, samstundes som vi vågar å sjå framover og møte endringane som kjem. Her skal vi setje retning for utviklinga av lokalsamfunnet vårt, for barn og unge, for næringsliv og frivilligheit, for dei som bur her no og dei som kjem etter.

Dette arbeidet lukkast berre dersom mange stemmer blir høyrde. Difor er denne prosessen ein invitasjon til å meine noko, vere ueinig, kome med idear og dele erfaringar. Samfunnsplanen bli best når han er forankra i kvardagen, i lokalkunnskapen og i kjærleiken til bygda. Det vil bli lagt opp til møte og ulike måtar å kome med innspel på etterkvart i prosessen. 

Vi tek fatt på arbeidet med å forme framtida til Skjåk, saman!

Nyttige lenkar til samfunnsplanarbeidet

Frå Kommunestyremøtet den 29. januar 2026:

Spørsmålet som politikarane svarte på: “Kva er det aller viktigaste å jobbe med for at vi blir eit attraktivt og levedyktig samfunn i framtida”?