Offentleg høyring: Kommuneplanens arealdel for Skjåk 2020-2030.

Klikk for stort bilde   

Offentleg høyring: Kommuneplanens arealdel for Skjåk 2020-2030.

Skjåk formannskap gjorde i møte 21.04.2020, sak FS 19/20, vedtak om at framlegg til revidert kommuneplan for Skjåk - arealdelen blir lagt ut til offentleg ettersyn og høyring (jf. plan- og bygningslova § 11). Planen omfattar heile kommunen sitt areal, og er forslag til revisjon av gjeldande plan frå 2011. 
 

Planforslaget finn du her, og det omfattar følgjande dokument:

Når det gjeld utsnitta av plankartet, ligg teiknforklaring berre på hovudkartet for heile kommunen.
Planframlegget i papirformat ligg også til gjennomsyn på kommunens sørvistorg, på biblioteket og i daglegvarebutikkane.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Felleskontor for plan og byggesak i Lom og Skjåk v/arealplanleggar Øyvind Pedersen på tlf: 473 33 678 eller oyvind.pedersen@lom.kommune.no
 
Uttaler til kommuneplanforslaget kan sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 SKJÅK, eller på e-post til post@skjaak.kommune.no – innan 11.juni 2020. Merk uttale med sak nr. 2020/381.

Kontakt

Øyvind Pedersen
Planleggjar
Mobil 473 33 678