Offisiell opning av meirope bibliotek - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Offisiell opning av meirope bibliotek

Torsdag 17. mars var det offisiell og stasleg opning av "Meirope bibliotek" og "Frøbibliotek" i Skjåk. Abid Raja "var med" via ei fin videohelsing til Skjåk folkebibliotek. Boka hans "Min skyld", er den mest populære boka i Skjåk for tida.

Ordførar Edel Kveen "opna" dei nye tilboda ved biblioteket med snorklipping og gode ord. Kommunedirektør Ivar Bø og fylkesbiblioteksjef Tone Nyseter heldt tale, Endre Skjåk las dikt av Jan-Magnus Bruheim, ungar frå Bismo Barnehage bidrog med song, Stein Grjotheim og Sigrun Eide orienterte om tilboda ved biblioteket og ei videohelsing frå Abid Raja vart sendt på storskjerm. Det vart ei staseleg og fin opning med gjester, flagg, god stemning, jubileumskake og påsmurte skiver med Gudbrandsdalsost og Skjåkpysje.

Dei nye tilboda er på full fart inn i  bibliotekverda. Vi er fyrst i Nord-dalen med meirope bibliotek, og frøbibliotek er det berre Hamar som har i Innlandet fylke pr. i dag.

Meirope bibliotek
gjer det enklare å bruke biblioteket når det passar deg, du vil nemleg få tilgang til biblioteket kvar dag frå kl. 07.00-22.00.

At biblioteket er meirope vil seie at du kan bruke biblioteket også utanom bemanna opningstid. Lånekortet ditt vil fungere som nøkkelkort og du må bruke lånekortet for å låne.

Frøbibliotek
- er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, når hausten "endeleg" kjem kan du sanke frøLogo frøbiblioteket i Skjåk - Klikk for stort bilde   frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket slik at andre kan låne dei året etter. Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Levér.

 

Les meir om dei nye tilboda til Skjåk folkebibliotek