Det var ein gong – og snart på ordentleg – ein ny barnehage i Skjåk
Barnehagen veks fram mellom fjell og skog, forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir lys, natur og leik vove saman i omgjevnader som gjev ro, undring og livsglede. Dørene står opne – ikkje berre for barna, men for familiane rundt dei, og for fagfolk som vil skape noko godt i lag.
Nå ventar barnehagen på fleire pedagogar som vil vere med og skape kvardagar prega av tryggleik, leik og fagleg medvit. Pedagogar som ser verdien av gode relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer. Her får du vere med frå starten – og setje spor i både praksis og kultur.
Er det du som skal bli ein viktig pedagog i barna sine forteljingar – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender
Ny barnehage
Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.
Vi har også ein toavdelings naturbarnehage – Dønfoss naturbarnehage – som ligg i munningen av Breheimen, med eit variert utemiljø der naturen er den viktigaste læringsarenaen.
Skjåk treng pedagogar både til den nye barnehagen og Dønfoss naturbarnehage, både pedagogiske leiarar og barnehagelærarar i faste stillingar og vikariat.
Som barnehagepedagog i Skjåk skal du mellom anna
- arbeide målretta for eit inkluderande fellesskap der mangfald er ein ressurs
- leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga
- rettleie og støtte medarbeidarar i det pedagogiske og metodiske arbeidet
- planleggje, gjennomføre og vurdere det pedagogiske tilbodet i tråd med lovverk og rammeplan
- utarbeide og følgje opp årsplan i samarbeid med styrar og kollegaer
- leggje til rette for eit ope og tillitsfullt samarbeid med føresette
- dele fagkunnskap om barn si utvikling og læring, og bidra til kompetanseutvikling i personalgruppa
- halde deg fagleg oppdatert
Vi ser etter deg som
- har godkjend barnehagelærarutdanning (anna relevant godkjend utdanning kan vurderast)
- har erfaring som pedagogisk leiar, og kan vise til gode resultat innanfor pedagogisk leiing
- har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og barn si utvikling
- trivst ute, samt planlegg og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr
- er ein trygg, tydeleg og relasjonssterk pedagog
- arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team
- er raus, fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har grunnleggjande digital kompetanse
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Har du spørsmål?
Søknadsfrist: 12.04.2026.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar.
Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med å finne bustad, gi nyttig informasjon og bidra til at du kjem godt i gang i Skjåk. Har du ein partnar som ønskjer informasjon om arbeidsmoglegheiter, eller barn som skal i barnehage eller skule, kan du få rettleiing om dette. Du kan også få hjelp til å prøvebu i Skjåk i ein kortare periode.
Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner