Pedagogstillingar i barnehagane i Skjåk - Skjåk kommune

Pedagogstillingar i barnehagane i Skjåk

Som pedagog i barnehagane i Skjåk vil du vere med på å forme ein nyskapande og spennande framtidig barnehage i Skjåk.  Det er ledig fleire stillingar i barnehagane frå hausten 2025. 

Vi treng pedagogar

Som pedagog i barnehagane i Skjåk vil du vere med på å forme ein nyskapande og spennande framtidig barnehage i Skjåk. 

Det er spennande tider i barnehagane i Skjåk. Bygginga av ny barnehage i Bismo startar hausten 2025, og midlertidig barnehage skal driftast på Skjåkheimen i byggeperioden. Hausten 2026 er målet at barnehageavdelingane Holemork  og Bismo saman skal flytte inn i nye lokale med fem avdelingar. Barnehageåret 2025/2026 vil det bli jobba mykje med kva som skal kjenneteikne pedagogikken og drifta i den nye barnehagen. Dette er eit arbeid også Dønfoss barnehage vil vere med inn i. Dønfoss naturbarnehage er ein to-avdelingsbarnehage med naturen som ein stor del av kvardagen. 

  • Det er ledig 100 % vikarstilling som pedagogisk leiar. Stillinga vil vere ledig frå 11. august 2025 til 9. august 2026.
  • Fleire vikarstillingar både som pedagogisk leiar og barnehagelærar kan bli ledige.

Stillingane vil vere i Dønfoss og Holemork barnehage.

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for stilling du er mest interessert i.

 Arbeidsområdet vil omfatte

  • Rettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet
  • Delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at barnehagen sine mål blir nådd
  • Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med tilsette og styrar
  • Legge til rette for godt samarbeid med føresette
  • Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
  • Halde seg fagleg oppdatert 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning
  • Godkjent politiattest 

Vi ynskjer at du

  • har gode samhandlingsevner
  • er raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardag
  • er fleksibel i høve til omstillingar
  • er ein person med evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team
  • er ein person med interesse for fag og fagutvikling
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT 

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje. 

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP 

 Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Heidi Jevnheim, telefon 901 93 957.

 Søknadsfrist 9. juni 2025

Kommunedirektøren

 

Kontakt

Heidi Jevnheim
Konstituert styrar, Bismo og Dønfoss barnehagar
Telefon 61 21 48 32
Mobil 901 93 957