100% stilling som miljøarbeidar, for tida i Bismotunet bufellesskap - Skjåk kommune

100 % stilling som miljøarbeidar, for tida i Bismotunet bufellesskap

Har du lyst til å jobbe som miljøarbeidar ? Vi har ledig 100 % stilling som miljøarbeidar ved Bismotunet bufellesskap.

Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Dette er eit heildøgns bemanna bufellesskap med  vaksne bebuarar og avlastningsplassar for barn og unge. Arbeidskvardagen vil variere frå naudsynt helsehjelp til turar i den flotte naturen vi har i Skjåk. Vi har fokus på at våre tenestemottakarar skal vere i aktivitet ilag med våre tilsette.   

Arbeidsområde

Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn- unge - og/ vaksne personar med behov for bistand i daglege gjeremål. 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar eller barne – og ungdomsarbeidar er ynskjeleg, men erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest 

Vi vektlegg at du

  • Har erfaring frå liknande arbeid og målretta miljøarbeid med barn og vaksne
  • Er fleksibel i høve til omstillingar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Trivst med å vere i aktivitet
  • Ynskjer å nytte tilgjengeleg teknologi som til dømes meistringsteknologi i arbeidskvardagen
  • Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Dokumenterer i høve til lov og forskrift 

Arbeidet kan vere fysisk belastande.

 Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Grundig opplæring og relevante kurs for arbeidet
  • Pensjonsordning i KLP 

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Gudrun Teigen mobil 95982598.

 Søknadsfrist 15. oktober 2025

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.  

Kommunedirektøren

Kontakt

Gudrun Teigen
Tenesteleiar Heimetenesta for funksjonshemma
Telefon 61 21 71 61
Mobil 959 82 598