100% stilling som miljøarbeidar, for tida i Bismotunet bufellesskap - Skjåk kommune

100 % stilling som miljøarbeidar ved Bismotunet bufellesskap

Har du erfaring som helsefagarbeidar eller barne – og ungdomsarbeidar? Vi har ledig 100 % stilling som miljøarbeidar, for tida i Bismotunet bufellesskap. Her vil du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn, unge og vaksne personar med behov for bistand i daglege gjeremål. 

Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Dette er eit heildøgns bemanna bufellesskap med vaksne bebuarar og avlastningsplassar for barn og unge. Arbeidskvardagen vil variere frå naudsynt helsehjelp til turar i den flotte naturen vi har i Skjåk. Vi har fokus på at våre tenestemottakarar skal vere i aktivitet ilag med våre tilsette.   

Arbeidsområde

Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn- unge - og/ vaksne personar med behov for bistand i daglege gjeremål. 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar eller barne – og ungdomsarbeidar er ynskjeleg, men erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest 

Vi vektlegg at du

  • Har erfaring frå liknande arbeid og målretta miljøarbeid med barn og vaksne
  • Er fleksibel i høve til omstillingar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Trivst med å vere i aktivitet
  • Ynskjer å nytte tilgjengeleg teknologi som til dømes meistringsteknologi i arbeidskvardagen
  • Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Dokumenterer i høve til lov og forskrift 

Arbeidet kan vere fysisk belastande.

 Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Grundig opplæring og relevante kurs for arbeidet
  • Pensjonsordning i KLP 

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Gudrun Teigen mobil 95982598.

 Søknadsfrist 29. oktober 2025

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.  

Kommunedirektøren

Vil du bu i Skjåk?

Kontakt

Gudrun Teigen
Tenesteleiar Heimetenesta for funksjonshemma
Telefon 61 21 71 61
Mobil 959 82 598