Tysdag 22. oktober var det god stemning og mykje aktivitet på Klubben i Vågå, då heile 40 deltakarar frå Vågå, Skjåk og Lom møttest til bowling, biljard, dart og pizza. Alderen på deltakarane spente frå 3 år til pensjonistalder, og det var både latter, konkurranse og gode samtalar gjennom kvelden.
Bowlingkvelden vart arrangert som ein del av prosjektet Bli hjå oss, som skal bidra til å skape møteplassar og styrke blilysta i bygdene våre. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vågå, Skjåk og Lom kommune, og er finansiert av Innlandet fylkeskommune.
Ein stor takk går til Eventlink for godt vertskap og ei triveleg ramme rundt arrangementet. Pizzaen smakte ekstra godt i godt selskap, og Klubben vart fylt med liv og engasjement.

Slike kveldar er viktige – både for å knyte nye kontaktar og for å styrke fellesskapet på tvers av kulturar og kommunegrenser. «Bli hjå oss» prosjektet handlar nettopp om dette: å skape rom for trivsel, tilhøyrsel og gode relasjonar.
Neste arrangement i prosjektet Bli hjå oss blir julegraut og julefilm – både i Utgard og i kulturhuset i Vågå. Meir informasjon om dato og tidspunkt kjem snart.