BADING I SKJÅKHALLEN LAURDAG 8. NOVEMBER
"E æ aktiv, Æ du" er et aktivitetstilbod for unger og ungdom med spesielle behov, og som fell utanfor annan organisert aktivitet.
Aktivitetsdagane er lagt opp for personar opp til 26 år. Invitasjonen går til familiar i alle dei seks kommunane i regionen. Vi ynskjer foreldre/føresette/ledsagar og søsken velkomne.
- Kvar familie betaler kr. 200 for å delta på aktivitetsdagen.
- Frå klokka 12:00 er alle hjarteleg velkomne til kaffe/ te/ saft og "Biteti" på Friviljugsentralen i Skjåk.
- Garderober og basseng er reservert frå kl. 14:30 til 16:30.
Det vil være badevakt til stade. Foreldre/føresette/ledsagar har ansvar for eigne barn.
Gi beskjed om evt. Allergier.
Påmelding innan 05.11.25
Anita Nyhus: ani-nyh@online.no, evt tlf: 90032745
Elisabeth Lunde: Elisabeth.Lunde@Lom.kommune.no
Vi ser fram til å sjå de til ein triveleg aktivitet i Nye Skjåkhallen!