Farevarsel for kraftige vindkastDet er sendt ut oransje farevarsel for sterk vind i Skjåk til helga. Varselet gjeld frå fredag kveld og til utpå dagen laurdag. Ta ein sjekk på eigedomen om det er gjenstandar som må sikrast.Sterk vind i venteDet er sendt ut oransje farevarsel for sterk vind i Skjåk. Varselet gjeld frå fredag kveld og til utpå dagen laurdag. Vinden vil vere på sitt kraftigaste natt til laurdag og laurdag morgon. Du bør nytte dagslyset i dag, fredag, til å ta ein sjekk på eigedomen om det er gjenstandar som må sikrast. For oppdatert informasjon og råd om førebyggjande tiltak, sjå varsom.no og yr.no.For å få ei fullstendig oversikt over situasjonen på vegane følg vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk .Meld frå om feil og manglar til Skjåk kommune via nettsida til Friskus Innbyggermelding. Eller bruk/last ned appen til Friskus Innbyggermelding. Stormen, som har fått namnet «Amy», vil herje over Sør-Noreg frå fredag kveld til søndag. Det er sendt ut raudt farevarsel i delar av landet. Varsom.no Yr.no Publisert 03.10.2025 09.42 Sist endret 03.10.2025 11.03