Lærarar frå Skjåk med innlegg om medverknad i praksis - Skjåk kommune

Lærarar frå Skjåk med innlegg om medverknad i praksis

Åsbjørg Bakken Sperstad og Stein Magne Barkenæs Eggen var den 12.11.2025  inviterte til å halde framlegg under ei større konferanse i regi av Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, samt Statsforvaltarane i Innlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag.

 “Medverknad i praksis - Skjåk viser veg”

Tittelen på framlegget var "Medverknad i praksis - Skjåk viser veg". Her fortalde dei om førebuinga og gjennomføringa dei hadde av vinterleirskulen på Aursjoen for 6. klasse tidlegare i år. Her var det viktig å inkludere alle elevane på ein god måte slik at heile klassa skulle delta, mellom anna sit ein av elevane i rullestol. Lærarane måtte sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og dei byrja planlegginga av leirskulen meir enn eit halvt år på førehand for å kunne legge best mogleg til rette. Dei førebudde elevane ved å planlegge saman, og å nytte film og bilete frå området dei skulle besøke. Nokre elevar besøkte også området på førehand for å kjenne seg trygge. Temaet var i tillegg oppe i samarbeidsmøter med både føresette og andre instansar. I tillegg bidrog aktørar som Røde Kors Skjåk, Hafslund og Skjåk almenning inn i eit samarbeid med skulen.

bilde av lærare ved Skjåk barne og ungdomsskule - Klikk for stort bildeLærarar Åsbjørg Bakken Sperstad og Stein Magne Barkenæs Eggen Skjåk kommune

Åsbjørg og Stein Magne prata mellom anna om suksessfaktorar med turen som:

  • Tidleg involvering/medverknad
  • Samarbeid mellom alle involverte
  • Vilje og positiv innstilling
  • Skuleleiing som er positiv og tenkjer moglegheiter
  • Godt klassemiljø – alle blir respektert

Vedlegg