Villreinarven 2025
Villreinarven er eit prosjekt i regi av Gudbrandsdalsmusea, og ein del av Miljødirektoratet si satsing «Villreinarven som verdiskapar». Ordninga skal bidra til å auke kunnskapen og interessa for vill- og tamrein og natur- og kulturarven i reinfjellet blant barn og unge.
Målet er å inspirere til læring, formidling og opplevingar som gir større forståing for naturen, kulturen og historia knytt til reinen.
Kven kan søkje
Skular, barnehagar, lag, foreiningar og private verksemder som gjennomfører tiltak for barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen.
Kva kan det søkjast støtte til
Midla kan nyttast til ulike aktivitetar og tiltak som fremjar kunnskap eller opplevingar knytt til reinen og fjellet sine verdiar, til dømes:
Førelesingar, kurs eller formidlingsopplegg
Publisering eller produksjon av materiell
Kjøp av varer og tenester til kulturelle eller pedagogiske aktivitetar
Innleige av inspiratorar, fagpersonar eller formidlarar
Transport eller utgifter i samband med ekskursjonar, studieturar eller feltarbeid
Rammer for tildeling
- Midla blir tildelte i sin heilskap i 2025
- Tiltaka må vere gjennomførte innan 15. juni 2026
- Det blir lagt vekt på tiltak som har lokal eller regional forankring, og som aktivt involverer barn og unge
Søknad
Søknaden skal vere kort og oversiktleg, og innehalde:
- Ei kort skildring av tiltaket og målgruppa
- Kva det blir søkt støtte til
- Kontaktinformasjon til ansvarleg søkjar
- Søknaden sendast på e-post til anne@nordveggen.no innan fristen 1. desember 2025.
Rapportering
Etter gjennomført tiltak blir det bede om ei kort oppsummering (inntil éi side), gjerne med eit bilete, elevbidrag eller annan dokumentasjon som viser korleis midlane er brukte. Døme kan bli delte vidare i Villreinarven sitt arbeid for å inspirere andre.
Rapporten skal sendast til anne@nordveggen.no seinast 10 dagar etter at tiltaket er avslutta.
Det kan søkjast om inntil kr 10 000,- pr. søknad.