Dagsturhytta Innlandet i Skjåk

Formålet er å etablere ei dagsturhytte som er lett tilgjengeleg og som stimulerer til auka bruk av nærfriluftslivet. Dagsturhyttene skal vere eit lågterskeltilbod for alle uavhengig av sosial, økonomisk og kulturell bakgrunn. 

Dagsturhytta Innlandet i Skjåk

Kva får kommunane:

  • Ei ferdig prosjektert dagsturhytte.
  • Ei dagsturhytte som har særeigen arkitektur.
  • Tilskot på 300.000 kr frå Sparebankstiftelsen DNB
  • Tilskot gjennom spelemiddelordninga
  • Moglegheit til å vere med og lyfte nærfriluftslivet gjennom eit felles Innlandsprosjekt.

Kriteriar:

  • Spelemiddelsøknad etter ordinær søknadsprosess.
  • Den enkelte kommune blir kontraktspart mot leverandør og skal legge tilrette for plassering av hytta. Kommunen stiller med tomt og ferdig grunnarbeid til hytta.
  • Under bygging av hytta har kommunen ansvar for søknadar og har fullt ansvar økonomisk mot leverandør av hytta.

Kriteriar for val av plassering:

  • Turmålet, les dagsturhytta, skal vere lett tilgjengelg og stimulere til auka bruk av nærfriluftslivet.
  • Startpunktet forventast å ligge nære ein stor tettstad i kommunen.
  • Det bør vere tilstrekkeleg med parkeringskapasitet ved startpunktet, evt potensiale for utbetring. Erfaringer frå andre stadar med tilsvarande prosjekt viser ei kraftig auke på aktivitet.
  • Det er ein fordel om hytta ligg knytt til ait allereie eksisterande turmål, også når det gjeld skilting, og informasjon, i tillegg til avfallshandtering.
  • Vurdere om sti til og frå tålar auka trafikk og er godt tilrettelagt, med nok skilting.
  • Tilkomst bør vere enklast mogleg for flest mogleg, også for barn i barnehage og skulealder.
  • Tilgjengelegheit til dagsturhytta heile året er ein fordel.
  • Lokasjon må avklarast i forhold til kulturminne med Innlandet Kulturarv.
  • Plasseringa kan ikkje vere over 1200 moh, pga helikoptertransport.
  • Hytta skal settast rett på fjellgrunn, eller på ein liten ringmur der det ikkje er fjellgrunn.

Anna:

  • Kommunen er eigar av anlegget og det vert stilt krav om drift og vedlikehald etter spelemiddelreglementet i 30 år. Det er opp til den enkelte kommune korleis ein vel å organisere drifta.
  • Kommunen har ansvar for vurdering etter plan og bygningslov og evt. andre godkjenninger.

Økonomi:

  • Kostnad med hytte inkl vedomn vert dekt av sparebankstiftelsen og gjennom spelemiddelordninga maks 1 mill.
  • Solcelle og toalettanlegg ligg som eit tilvalg som kommunen kan velgje å legge inn i prosjektet. Kostnader til dette kan ein og søkje spelemidlar til.
  • Utgifter for kommunen er for grunnarbeid til hytta. Anslagsvis godt under 100.000,-

 

Vedtak i kommunestyret i Skjåk sak 50/2023 i møte den 15.06.2023.

  1. Skjåk kommune vil realisere ei dagsturhytte i tråd med vilkåra i invitasjonen frå Innlandet Fylkeskommune.
  2. Dagsturhytta skal realiserast innan utgangen av 2024.
  3. Prosjektet skal utførast i samarbeid med friviljuge lag/organisasjonar i Skjåk.
  4. Dagsturhytta skal plasserast og leggast tilrette for at personar med funksjonsnedsetting kan besøkje/bruke den spesielt i sommarhalvåret. 
  5. Skjåk kommune må inngå ei vedlikehald- og driftsavtale med ein aktuell organisasjon for dette prosjektet. Det må vera ein førestnad før byggjestart.
  6. Ulike interessentar må få moglegheit til å kome med innspel på plassering.
  7. Administrasjonen greier ut ulike alternativ for plassering. Dette med omsyn til blant anna vilkåra frå fylkeskommunen, grunneigar og samarbeid med andre aktørar. Skjellom, Heggebottvatnet, ved flomvollen i Bismo og langs Fjellrotraseen kan vere aktuelle lokasjonar.
  8. Plassering, finansiering og ei drifts- og vedlikehaldsavtale skal vedtas politisk.

 

Vedlegg Dagsturhytta:

 

Kvar vil du helst at dagsturhytta skal ligge?

Spørreundersøkinga om kvar folk (i Skjåk) helst vil/ønskjer at hytta skal ligge vart avslutta 7. november. Resultata frå undersøkinga blir lagt fram som politisk sak i i Hovedutval for helse, oppvekst, omsorg og kultur, formannskapet og kommunestyret seinere i nov/des 2023. 

Takk til alle som har deltatt!

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702