Ofte brukte ord i privatøkonomi

På denne sida finn du enkle forklaringar på eit utval av mykje brukte ord i privatøkonomi.

Ofte brukte ord i privatøkonomi

Økonomi er ein del av kvardagen vår, om vi vil eller ikkje. Når det kjem til privatøkonomi, er det mange definisjonar og forkortingar som blir nytta. Har du ikkje heilt oversikt over kva alt betyr i jungelen av ord, forkortingar og definisjonar? På denne sida finn du enkle forklaringar på eit utval av mykje brukte slike ord.

A - B - D - E - F - G - H - I - K - L - M - N - O - P - R - S - U

AFP

 AFP står for Avtalefesta pensjon. Dette er ei ordning for tidleg pensjon som er forhandla fram mellom partane i arbeidslivet. Ordninga gjeld med andre ord ikkje for alle arbeidstakarar.

Aksje

Dersom du eig aksjer, eig du ein del av eit aksjeselskap. Alle aksjar i eit aksjeselskap har same verdi, og sommen av aksjene utgjer aksjekapitalen til selskapet.

Alderspensjon

Alderspensjon er den lovfesta inntekta du får frå folketrygda når du blir pensjonist, altså når du er eldre enn 67 år.

Annuitetslån

Dette er eit lån der summen av rente og avdrag er lik gjennom heile attendebetalingsperioda. (Så sant renta er lik)

Arbeidsledighetstrygd

Kanskje meir kjent som Dagpengar. Denne økonomiske ytinga kan du ha krav på om du er arbeidsledig.

Attføring

Eit systematisk arbeide for å hjelpa personar med funksjonshemming til å greia seg sjølv så godt som mogleg når det kjem til arbeid og sosialt samspel

Avbetalingslån

Ei finansieringsform der ein del av kjøpesummen blir betalt kontant, og resten av summen blir betalt i faste avdrag. Det er mest vanleg med avdrag kvar månad.

Avdrag

Avdrag er ein sum som blir betalt inn av lånetakar for å betala ned gjeld.

AvtaleGiro

Ei betalingsteneste for automatisk betaling av faste rekningar, til dømes husleige, straumrekning, huslån og liknande. Med AvtaleGiro slepp ein å skriva inn KID-nummer, forfallsdato og sum. Dersom det ikkje er pengar på konto når forfallsdagen kjem, vil ein AvtaleGiro freista å å trekkja pengar dei neste fire dagane. Oppretting og avslutning av AvtaleGiro kan ein gjera i sin eigen nettbank.

BankID

 BankID er rett og slett elektronisk identifiksasjon. Dette er såkalla sikker identifisering, og blir nytta av alle bankar og offentlege instansar. Ein må vera 15 år eller eldre for å få BankID. Sjølv om dette er ein sikker identifikasjonsmåte, må ein likevel vera påpasseleg: Ikkje gje frå deg nokon form av informasjon knytt til BankID til nokon andre!

Barnebidrag

Barnebidrag er eit lovbestemt økonomisk bidrag til barn. Eit barnebidrag blir betalt av den av foreldra som ikkje bur saman med barna ved eit samlivsbrot.

Barnetrygd

Lovbestemt, ikkje behovsprøvd stønad til alle med barn under 16 år. Dette betyr at har ansvar got barn under 16 år,  så får du barnetrygd.

Behov

Når nokon har behov for eit gode, kan dette bety å ha eit ynskje om å skaffa seg ei vare eller ei teneste. Ein kan skilja mellom naudsynte behov, sosiale behov og andelege behov.

Behovsprøving

Dette er ei vurdering om nokon har rett på å motta ei yting. Til dømes økonomisk sosialhjelp, dagpengar, eller eit stipend. Vurderinga blir gjort etter gjeldane normar og reglar.

Betalingsanmerkning

Dette er ei registrering hjå eit kredittopplysningsbyrå om at du har ein eller fleire rekningar som ikkje er betalt, sjølv om at det har blitt gjort forøk på få deg til å betala. Dersom du har ei slik anmerkning vil det gje konsekvensar dersom du skal ta opp lån og kreditt.

Betalingsdyktigheit

Og kjent som Likviditet. Dersom du greier å betala rekningar i tide, er du likvid. dersom du ikkje er i stand til å betala, er du ikkje likvid(eller illikvid).

Betalingsoppfordring

Denne oppfordringa blir sendt ut til deg dersom du har noko ubetalt som går til inkasso. Du har vanlegvis 14 dagar på deg for å gjera opp. Som regel er det lagt på eit gebyr i tillegg til den opprinnelege summen når det kjem betalingsoppfordring.

Betalingsutsetjing

Dersom du har problem med å betala ei rekning/faktura, har du moglegheit til å be om utsetjing. Det er fleire måtar å be om utsetjing, direkte kontakt med dei som skal ha betaling er ein fin måte. Merk deg at det kan bli lagt på renter/gebyr på rekninga dersom du nyttar deg av betalingsutsetjing.

Bilforsikring

Alle som eig ein bil, har plikt til å ha ansvarsforsikring på bilen. Ei slik forsikring dekkjer skadar på andre kjøretøy, personar, bygningar og gjenstandar dersom uhellet er ute.

Ei ansvarsforsikring dekkjer ikkje utgifter til skader på eigen bil. Skal du få dekt utgifter til skader på eigen bil, må du ha ein variant av kaskoforsikring

Bilag

Eit bilag kan vera ei kvittering, ein faktura eller liknande skriftleg dokumentasjon på ei utgift eller ei inntekt.

Boliglån

Dei fleste må ta opp boliglån for å ha råd til å kjøpa seg bolig. I eit boliglån er det sjølve boligen som fungerar som sikkerheit for lånet. Det er ikkje vanleg å kunne få låne meir enn 85% av total kjøpspris, altså må du ha minst 15% eigenkapital ved eit boligkjøp.

Boligsparing for ungdom (BSU)

BSU er ei ordning for personar under 34 år som gir 20% frådrag i skatt på å spara i banken, opp til ein viss sum kvart år. Det er og ein makssum på kor mykje som kan sparast totalt. Pengane som blir spara på BSU må nyttast til kjøp av bolig eller nedbetaling av gjeld på eigen bustad. Sjå eigen podcastepisode om BSU her.

Brukarbetaling

Dette er betalingar knytt til bruk av offentlege tenester, enten betaling av heile tenesta, eller ein eigenandel. Døme på brukarbetaling kan vera: Byggesaksbehandling, renovasjonsavgift, SFO, barnehageplass, osb.

Brønnøysundregistret

Ei samling offentlege register:

Foretaksregisteret, Regnskapsregisteret, Løsøreregisteret, Ektepaktregisteret

Budsjett

Kort forklart er eit budsjett ei oversikt over forventa inntekt og utgift i framtida. Det er mest vanleg å laga seg eit månadsbudsjett.

Dagpengar

 Dette står forklart under Arbeidsledighetstrygd.

Debitor

Debitor er ei benemning om den som skuldar noko, og kalla ein skuldnar.

Dokumentavgift

Når ein kjøper seg fast eigendom, må ein fylla ut eit skjøte som skal tinglysast. Avgifta på å få dette gjort, er 2,5% av marknadsverdien til eigendomen som blir kjøpt eller selt.

Effektiv rente

 Alle utgifter knytt til å ha eit lån: renter, gebyr, provisjon og andre utgifter. Effektiv rente er dei faktiske låneutgiftene.

Eigenkapital

Stutt forklart er eigenkapital dei pengane du har greitt å spara opp sjølv, som du vil nytta til dømes ved eit boligkjøp.

Etikk

Ein forenkla definisjon av etikk kan vera «refleksjon over eigen og andre sin moral». Teorien bak moral med andre ord. Sjå på forklaringa for Moral

Etterskotsrente

Renter som blir betalt ved slutten av ein attendebetalingsterming for eit lån.

Faktura

 Eit dokument som inneheld eit krav om betaling: kor mykje som skal betalast til kven, og når betalinga seinast skal skje.

Fagforening

Ei samanslutning av arbeiderar og tilsette, med mål om å passa på interessene til dei tilsette overfor arbeidsgjevarar. Fagforeningar tek seg til dømes av lønnsforhandlingar, arbeidstidforhandlingar og liknande.

Fellesgoder

Tenester som blir nytta utan kostnad av fleire utan å utelukka andre. Døme på fellesgoder kan vera polititenesta, forsvaret, osb.

Finansieringsbevis

Også kalla lånebevis. Dette dokumentet er ei bekrefting på kor mykje ein lånetakar kan kjøpa bolig for. Finansieringsbevis får ein frå banken sin i samband med boligkjøp.

Fondskonto

Ein slik konto gjer det mogleg å kjøpa og selja ulike verdipapir. Du kan spre investeringane, slik at det kan gje ei høg forventa avkastning på sikt. Du skattar ikkje av avkastninga før den dagen du tek ut pengar frå kontoen. Også kalla investeringskonto.

Forbrukslån

Dette er eit type lån der det ikkje er krav om sikkerheit i form av bolig eller liknande. Dette gjer at det er ein høgare risiko for utlånar knytt til eit forbrukslån. Den høge risikoen gjer at det ofte er mykje høgare på slike låne samanlikna med eit boliglån.

Forbrukarkjøp

Når kjøparen er forbrukar og seljaren er seljar av yrke. Ved eit forbrukarkjøp gjeld kjøpslova, som gir visse rettigheiter til kjøpar.

Forfallsdato

Den siste dagen ei rekning/faktura skal betalast. Dersom du ikkje betalar innan denne datoen, kan du risikera at kravet går til inkasso.

Forbrukerombudet

Offentleg organ som mellom anna har ansvar for å sjå til at marknadsføring av varer og tenester blir gjort etter boka.

Forbrukarrådet

Frittståande interesseorganisasjon som ivaretek forbrukaren sine interesser.

Formuesskatt

Dette er ein skatt som blir betalt ut i frå kva formue ein privatperson har. Er formua di større en den gjeldande skattefrie beløpsgrensa, må du betala formueskatt.

Forsikring

Forsikring er ei teneste som gir deg sikkerheit mot økonomisk tap eller erstatningskrav ved tap eller skade på det forsikra objektet. Døme på forsikring: Husforsikring, bilforsikring, reiseforsikring, skadeforsikring, livsforsikring.

Fortjeneste

Betyr det same som profitt. Forteneste er total innekt minus total kostnad

Fullmakt

Med ei fullmakt får ein person mynde til å handla på ein annan person sine vegne.

Garanti

 Ein garanti gir kjøparen rettigheiter utover kjøpslova når det gjeld manglar og feil ved ei vare eller teneste som er kjøpt

Gebyr

Gebyr er ein sum som blir krevd inn av til dømes ein bank eller kommune for å dekkja kostnadar ved ei teneste. Eit gebyr skal dekkja den faktiske kostnaden knytt til tenesta

Gjeld

Gjeld er summen av kva ein person skuldar nokon, til dømes banken eller myndigheiter.

Gjeldsbrev

Dokument som er ei erklæring om at du skuldar penger.

Gjeldgrad

Gjeldsgrad seier noko om forholdet mellom gjeld og eigenkapital. Dersom du deler gjeld på eigenkapital, får du gjeldsgraden. Dersom du skal søkja boliglån, kan du ikkje ha total gjeld over 5 gongar brutto årsinntekt. Dersom du tener 400 000 kr i året, kan ikkje den totale gjelda di vera meir enn 2 millonar kr.

Goder

Felles benemning på varer og tenester.

Grunnbeløp (G):

Grunnbeløp er folketrygda sitt begrep som mange trygdeytingar blir rekna ut i frå. Grunnbeløpet blir regulert kvar år av stortinget, oftast rundt 1. mai. Pr. 2021 er 1G 106 399 kr

Heftelse

 Heftelse, eller hefte - er ei forplikting knytt oftast til fast eigendom og kjøretøy. Vanlegvis er heftelse ein pant i verdien.

Hjemmelshaver / heimel

Hjemmelshaver er den eller dei personane som eig ein eigendom eller har rett på eigarskap i grunnboka.

Hushaldning

Dei personane som bur under same tak, med felles inntekter/utgifter.

Inkasso

 Inkasso er innkrevjing av ubetalte rekningar. Dersom du ikkje betalar rekninga du, risikerar du at den som skal ha betalt, sender betalingskravet til eit inkassoselskap. Dette selskapet skal og ha betalt, og rekninga blir høgare enn ho i utgangspunktet var. Dersom du betalar inkassokravet innan 14 dagar, er du ferdig med saka, såkalla utanrettsleg inkasso. Om du ikkje betalar eller klagar på kravet innan 14 dagar, kan kravet gå vidare i systemet i ein rettsleg prosess til dømes hjå namsmannen.

Inntekt

Eit samlebegrep for pengar/løn eller andre økonomiske goder ein person mottek i ei bestemt periode.

Inntektsskatt

Skatt på inntekta di er berekna etter storleiken på innteka di.

Kausjon

 Ein garanti, der den som gir garantien tek på seg ansvaret for at eit lån blir attendebetalt. Den som gir denne garantien blir kalla kausjonist.

Kommuneskatt

Skatt som blir betalt til kommunen. Kommuneskatt kan vera både inntektsskatt formueskatt og eigedomsskatt.

Konkurs

Når ei bedrift ikkje lenger er likvid kan eigar av bedrifta eller kreditorar forlanga konkurs. Ved konkurs blir verdiane i bedrifta selt, og desse inntektene delt mellom kreditorar.

Kontantar

Vedisetlar og myntar i omløp. I Noreg har vi 50-, 100,- 200,- 500,- og 1000-lappar. Mynteiningane vi har er 1-, 5-, 10- og 20-kroning.

Kontantstønad

Yting frå folketrygda i form av pengar.

Kontrakt

Ei skriftleg utforma avtale, ofte nytta ved kjøp og salg av større ting som til dømes egendom og kjøretøy.

Kortsiktig gjeld

Gjeld som skal innbetalast innan eitt år eller mindre.

Kortsiktig lån

Fellesnemning for forbrukslån i banken eller annan forbrukskreditt. Nedbetalingstid er vanlegvis frå eitt til fem år.

Kvitvasking

Dette er ei kriminell handling der ein får pengar og verdiar ein har fått tak i ulovleg til å slå ut som om dei er fått tak i på lovleg vis.

Kreditor

Ein instans du skuldar pengar, til dømes ein bank.

Kredittkort

Eit betalingskort som er kopla til eit lån. Med eit slik kort kan du betala med lånet, men det er lurt å få betalt attende fort: Det er ofte særs høg rente på kredittkortlån.

Kredittsjekk

Dette er ei vurdering som blir gjort av deg som forbrukar som gir eit svar på i kva stor grad du er i stand til å betala for deg. Dersom du søker om eit lån, blir det gjort ein kredittsjekk av deg. Du vil alltid bli informert om at det har blitt gjort ein kredittsjekk. Du kan og kredittsjekka deg sjølv mellom anna hjå experian.no

Kredittkjøp

Ein handel der betalinga av kjøpesummen(eller delar av summen) blir utsett.

Langsiktig gjeld

 Gjeld som forfell lenger enn eitt år fram i tid.

Likning

Likningsmyndigheita si berekning av kor mykje skatt ein skatteytar skal betala.

Likviditet

Sjå og betalingsdyktigheit. Dersom du greier å betala rekningar i tide, er du likvid. dersom du ikkje er i stand til å betala, er du ikkje likvid(eller illikvid).

Lån med sikkerheit

Til dømes eit boliglån. Dette er lån, der den som lånar ut pengar treng ei sikkerheit som kan nyttast dersom du ikkje greier å betala lånet ditt. Med andre ord: Har banken pant i boligen din og du ikkje greier å betala lånet, har banken rett til å selja boligen for å få attende pengane dei har lånt ut.

Lån utan sikkerheit

I motsetning til lån med sikkerheit, har den som lånar ut pengar ingen måte å få pengane att på like lett dersom du ikkje greier å betala attende lånet. Høg lånerente er ein konsekvens av dette.

Lånekostnadar

Utgifter knytt til å ha eit lån: renter, etableringsavgift, gebyr med meir. Lånekostnadar kan variera stort frå utlånar til utlånar.

Livsinntekt

Den samla inntekta ein person greier å tjena inn i løpet av livet.

Lønns- og trekkoppgave

Eit skjema som arbeidsgjevar sender til likningskontoret og til arbeidstakar. Dette skjemaet seier kor stor løn arbeistakar har fått, kor mykje som er trekt i skatt. og kva grunnlag feriepengane blir rekna ut frå.

Meirverdiavgift

MVA er ei avgift til staten som blir lagt på verdien av ei vare eller teneste. pr. 2022 er  MVA 25% av verdien på dei fleste varer og tenester. Det er sluttbrukar/forbrukar som betalar denne avgifta.

Minstefrådrag

Minstefrådrag er eit beløp som lønstakarar og pensjonistar kan få trekt i frå innteka i likninga i staden for faktiske utgifter knytt til inntektservervet.

Moral

Meiningar og haldningar om kva som er godt og rett, tillate og forkasteleg. Desse meiningane og haldningane legg du til grunn når du vil styra eigen livsførsel. Ein dømmer og andre sin livsførsel etter moralen sin.

Naturalstønad

 Ytingar frå folketrygda i form av varer eller tenester. Døme på dette er sjukehusbehandling og attføring.

NAV

Arbeids- og velferdsetaten er ein norsk statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etaten er ei samanslåing av tidlegare Trygdeetaten og Arbeidsmarkedsetaten (Aetat). NAV.no

Nettoløn

Det er dette du får utbetalt av arbeidsgjevaren din etter at skatten er trekt i frå.

Nominell rente

Rentesatsen ein lånetakar betalar på lånet sitt.

Norges Bank

Sentralbanken i Norge. Norges Bank vart oppretta i 1816, formålet er å sikra ein stabil pengeverdi, og å fremja stabilitet i finanssystemet. Norges Bank har og ansvar for eit effektivt og sikkert betalingssystem

Næringsinntekt

Inntekt frå egen næringsvirksomhet.

Offentlege overføringar

 Stønader frå det offentlige. Trygdestønader og subsidier til næringslivet er eksempel på overføringar

Overskot

Inntekter minus utgifter er lik overskot.

Pensjonsfond

 Eit fond der innskot blir sett til side og skal nyttast til pensjonsutbetaling når den tid kjem.

Pensjonsgjevande inntekt

Innteka som dannar grunnlag for pensjonsopptjening. Dette er i hovudsak arbeidsinntekt, men og ytingar som erstattar arbeidsinntekt. Eksempel på dette er arbeidsledigheitstrygd, sjukepengar, m.m.

Pensjonstrekk

Trekk i løn til pensjonsinnskot.

Personinntekt

I samband med skattelikninga blir dette uttrykket nytta. Personinntekt er inntekt av personleg utført arbeide. Personinntekta gir grunnlag for rett til pensjon.

Personleg økonomi

Personleg økonomi handlar om pengane dine, og kva du brukar dei på. Det handlar om å rekna på inntekter og utgifter, setja opp eit budsjett, og å gjera vurderingar knytt til livssituasjonen din.

Privat konsum

Dette er varer og tenester som ei privat hushaldning treng å kjøpa inn.

Produkt

Vare eller teneste.

Purring

Ei påminning om at ei rekning eller liknande ikkje er betalt.

Refinansiere

 Refinansiera er å få tak i ny kapital.

Rekneskap

Ei oversikt over faktiske inntekter og kostnadar, ofte over eit heilt år.

Rente

Dette er prisen du betalar for å kunne bruka andre sine pengar, oftast ein bank sine pengar. Eksempel: Du låner 10 000,- av banken, men da vil banken at du betalar 10% for å få lov til å bruka desse pengane. Da har det kosta deg kr. 1 000,- for å få lov til å bruka 10 000,-: kr 11 000,- totalt.

Restskatt

Har du betalt inn for lite skatt i løpet av eit år, lyt du betala inn den summen som manglar året etter.Dette kallar vi restskatt.

Revisor

Person eller firma som kontrollerar et rekneskap.

Risiko

Grad av usikkerheit knytt til plassering av økonomiske midlar, til dømes aksjesparing.

Saldo

Forskjellen mellom debet og kredit på ein konto

 

Sjølvmelding / skattemelding

Dette skjemaet er ein pålagt å levera kvart år til likningsmyndigheitene. Her skal det opplysast om skattepliktig inntekt frå førre året. Eventuell formue og gjeld skal og opplysast om. Andre faktorar som kan ha betydning for likninga skal og førast opp, til dømes frådrag i inntekt. Sjølvmeldinga kan leverast i forenkla form eller fullstendig form.

Serielån

Eit lån der avdraga er like store heile tida. Renter kjem i tillegg til avdraga.

Skatt

Skatt er ei lovbestemt yting til det offentlege. Skatten ein arbeidstakar betalar inn er ikkje øyremerka ei konkret motyting.

Skattetrekk

Pengane som arbeidsgjevaren din trekker direkte i lønn. Det er arbeidsgjevaren som har ansvar for å betala inn skatten til skattemyndigheit.

Skattefrådrag

Ein kan av ulike grunnar ha rett på skattefrådrag. Eit eksempel kan vera dersom ein sparar i BSU. På nettstaden til Skatteetaten  ligg det ein frådragsrettleiar som kan vera kjekk å sjå på. Det kan vera moglegheiter for ein del kroner i frådrag for mange.

Skattekort

Dette dokumentet syner kor mykje skatt arbeidsgjevaren din skal trekkja av løna di. Skattekortet er eit elektronisk/digitalt dokument, og arbeidsgjevar hentar skattekortet direkte frå Skatteetaten. Kor mykje skatt som blir trekt, går fram av lønnslippen din.

Styringsrente

Styringsrente er eit av dei kraftigaste verkemidla i eit land, finanspolitisk sett. Styringsrenta blir bestemt av Norges Bank, og blir fastsett åtte gongar kvart år. Målet med styringsrente er å stabilisere prisvekst og utvikling i eit land sin økonomi. For ein privatperson betyr endring i styringsrente endringar i renter både på lån og sparepengar.

Utbetaling

 Dette er pengar som blir betalt ut frå ein konto. Eksempel på utbetaling kan vera: lønnsutbetaling, ulik stønad, utbetaling av lån, med meir.