Det er kommunale vassverk i Bismo, Aurmo, Dønfoss/Øyberget, Uppnose, Nordberg skule, Marlo skule, Grotli og Billingen hyttefelt.
Kommunen har renseanlegg med avløpsnett i Bismo, Aurmo og Dønfoss, Grotli og Billingen hyttefelt. Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga og det er tilsett eigne driftsoperatørar. Teknisk vakt har ansvar for å oppretthalde normal drift av vatn- og avløpsanlegga utanom ordinær arbeidstid.
Feilretting
Trykket på vassnettet ved bygningar er 2-7 kg. For lågt eller høgt trykk i fleire hus nær kvarandre, kan skuldast feil på kommunen sitt vassnett.
- Svikt i vasstilførsel som skuldast brot, skal normalt rettast innan 15 timar. Ved langvarig brot vil kommunen hjelpe til med provisorisk forsyning.
- Feil i trykkforhold som skuldast feil på teknisk utstyr, skal normalt rettast innan 7 dagar.
- Brot på kloakkledning skal rettast innan 1-2 dager avhengig av skadeomfanget.
Vassprøver
Kommunen sender inn vassprøver frå vassverka sine til analyse i laboratorium ein gong i månaden. Prøver frå private vasskjelder kan sendast inn saman med desse. Prøveflasker får du ved å henvende deg i servicetorget på kommunehuset.
Tømmerutinar
- Slamavskiljarar frå bustadhus blir tømt anna kvart år. Gebyret blir fordelt over 2 år og fakturert eigar over 8 terminar.
- Slamavskiljarar frå fritidsbustadar blir tømt fjerde kvart år. Gebyret blir fordelt over 4 år og fakturert eigar over 4 terminar.
- For tette tankar på bustadhus og fritidsbustadar er det krav om tømming kvart år og fakturert eigar over 4 terminar.
- Tømming utanom oppsett køyreplan blir fakturert etter eigen sats «Ekstra tømming».
- Slamavskiljarar som ikkje fungerer blir fakturert som tette tankar.
- Slambehandling frå bedrifter blir fakturert etter faktiske kostnadar pluss påslag på 5% for å dekke administrasjonskostnadar.