Nyheiter og arrangement ligg på bloggen04.02.2011
Legg til http://skjak.blogspot.com/ som bokmerke i din nettlesar. 1-10 skule i Bismo29.04.2013
Det vert sett i gang eit forprosjekt for 1-10-skule i Bismo. Ei plangruppe skal utarbeide plan for ny skule i nærleiken av ungdomsskulen. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak om bygging av ny skule når dette arbeidet er fullført. Ope møte om fjellandbruket si framtid25.04.2013
Politisk debatt i Garmo bygdahus måndag 29. april 2013, kl. 19.30. Møteleiar er Anders Prestgarden som er landbruksdirektør i Oppland. Innleiande foredrag med Margrethe Lerfald: rapport om verdiskapinga i landbruket i Oppland. Panel: fylkespolitikarar, kandidatar til Stortingsval og representantar frå faglaga. Enkel servering Arrangør er Lom kommune og Skjåk kommune Er du interessert i å lære meir om agronomi?22.04.2013
Har du overteke, eller skal overta ein gard/landbrukseigedom? Arbeidar du i landbruksnæringa? Har du interesse for fagfelt innan landbruk? Da kan voksenagronomutdanninga vera noko for deg. Les meir på Karriere Oppland sine heimesider. Søknadsfrist 1. juni 2013.
|




