Detaljreguleringsplan for Bispevegen 6 – Kunngjering av planvedtak

Detaljreguleringsplan for Bispevegen 6 – Kunngjering av planvedtak

Skjåk kommunestyre vedtok 18.04.2024 i sak 19/2024 detaljreguleringsplan for Bispevegen 6 – planid. 34330009. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslovas § 12-12.

Planarbeidet har hatt bakgrunn i ønske om tilrettelegging av areal for bustadbygging på den gamle tomta for Bismo reinseanlegg. Bismo reinseanlegg vart flytta til ny tomt med nytt anlegg nord for Lundahaugan som vart regulert for føremålet i 2014 (planid. 5130031). Sidan den gong har den tidlegare reinseanleggtomta i Bismo ligge unytta, og bygningsmassen er teke ned. Planforslaget som blir fremma, er i samsvar med kommuneplanens arealdel frå 2021, og utbyggingsarealet er lagt ut som byggeområde for frittliggande småhusbygnad BB01. Skjåk kommune er eigar av alt areal i planområdet.

Den vedtekne reguleringsplanen er omfatta av desse dokumenta:

•    Sakspapir frå sluttbehandling av reguleringsplanen (PDF, 1018 kB)
•    Planomtale (PDF, 5 MB)
•    Reguleringsplankart (PDF, 183 kB)
•    Forslag til planføresegner (PDF, 755 kB)
•    ROS-analyse (PDF, 2 MB)
Desse dokumenta er vedlegg til denne artikkelen. 

Vedteke plankart av planen går fram av kartfigur 1 under. For betre lesbarheit, viser ein til reguleringsplankartet i A3-format som er vedlegg til artikkelen. 

Kartfigur: Reguleringsplankart for Bispevegen 6. skjermdump

Byggeområde for frittliggande småhusbygnad, BB01,  har eit areal på om lag 2,5 dekar, og det er sett krav om utnyttingsgrad på minimum 2 bustadar pr. dekar av arealet som er lagt ut som byggeområde for bustadar, dvs. minimum 5 bustadar. Kravet om utnyttingsgrad er nedfelt i forslaget til plan-føresegnene, og på plankartet er dette illustrert med innteikning av ein tremannsbustad og ein tomannsbustad, begge vertikalt delt. Innteikningane av bygg her er å betrakte som ei skisse, og er ikkje juridisk bindande som resten av planen. I tillegg er det innafor BB01 skissert felles garasjeanlegg. 

Planforslaget omfattar elles areal som er føreslege regulert som leikeplass, vegtilkomst til dei nye bustadane og naboeigedomar, regulering av eksisterande gang- og sykkelveg gjennom området, forslag om ei ny strekning med ny gang- og sykkelveg aust i planområdet til erstatning for vegen som gjekk gjennom tomta for det tidlegare reinseanlegget, ny gangveg vest i planområdet, friområde og ein strekning med turveg. 

Planforslag var lagt ut til offentleg høyring og ettersyn i perioden 18.01.24 – 08.03.2024. Den vedtekne planen har nokre endringar i forhold til høyringsforslaget.  I planforslaget som var lagt ut til offentleg ettersyn og høyring, var det føreslege ei regulering som la til rette for at bustadeigedomane GID 34/34 og 34/35 kunne få lagt ut noko areal i søre delen av planområdet som tilleggstomt. Ved sluttbehandlinga av planen er forslaget om slik regulering teke ut av planforslaget. Endringa er grunngjeve med at kommunen har VA-anlegg i grunnen på dette arealet, mellom anna ein sentral brannkum, og at ei slik regulering/sal av tilleggstomter til naboeigedomane vil gjere tilkomst av utrykkingskøyretøy og tilkomst/nødvendig anleggsareal ved framtidig vedlikehald og oppgradering av VA-anlegga vanskelegare. I reguleringsplan for Blåbærmyra frå 22.06.2000 (planid. 5130012), som vert avløyst av denne reguleringa, var dette arealet regulert som offentleg friområde. I planen som er vedteke er arealet er arealet regulert som offentleg friområde. Slik sett er det å sjå på som ei attendeføring til noverande/tilsvarande reguleringsformål, og ein såg det da ikkje som nødvendig å legge planen ut til nytt offentleg ettersyn og høyring.  

På strekninga frå snuplassen fram til brannkummen, er det regulert inn ein turveg. Dette for å sikre at dette arealet gjennom friområdet kan ryddast for tre og elles leggast til rette i nødvendig utstrekning for tilkomst for brannvesenet og kommunens driftsavdeling for ettersyn og eventuelt vedlikehald/ oppgraderingar av VA-anlegget. 
Plankart er lagt inn i digitalt planregister, og plankart og plandokument er da også tilgjengeleg på kommunen si kartinnsyninnsynsløysing på internett.

Ein har rett til å klage på vedtaket av planen dersom ein er part eller har rettsleg klageinteresse i saka. Eventuell klage sendast Skjåk kommune innan 3 veker etter kunngjeringa. Klage blir først behandla i kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar sitt vedtak som følge av klaga, blir klaga sendt vidare til avgjerd til Statsforvaltaren som er klageinstans.
 

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678