Forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2024-2026 i Skjåk kommune

Forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2024-2026 i Skjåk kommune

Forvaltningsplanen inneheld målsettingar for utviklinga av bestandane av elg, hjort og rådyr. Måla skal ta omsyn til mellom anna beitegrunnlag, viltpåkøyrslar, skader på naturmangfald, beiteskader på skog og innmark. Planen gir rammer for godkjenning av bestandsplanar, tildeling av fellingsløyve og oversikt over grunnlaget for bestandsvurdering. Til slutt i planen er det skrive ein del om når kommunen kan gje løyve til skadefelling av hjortevilt som gjer skade.

Høyringsfrist: 1. mars 2024

Innspel til planen kan bli sendt til: post@skjaak.kommune.no eller til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk

Norsk Landbruksrådgiving Innlandet har i dei to siste sesongane registrert avlivingstap til hjortevilt gjennom forsøksfelt i Bråtå, Åmodtsøye og Jøingslie. Resultata synte store tap, gjennomsnittet for alle prøveflatene utgjorde eit verditap på kr 465,- pr dekar. Sjølv om avlingstapet varierte mykje og talet på prøveflater sikkert skulle vore større for å få sikre resultat, er det liten tvil om at avlingstapet utgjer store økonomiske tap for ein del gardbrukarar.

Både elg- og hjortebestanden må bli redusert i neste periode for å oppnå forslaga til mål i forvaltningsplanen. Figurane i pdf-filane for sett elg og sett hjort syner data om elg- og hjortebestanden i Skjåk.

Data (vedlegg) om elg- og hjortebestanden i Skjåk:

 

Pixabay

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145