Milliongåve til Lom og Skjåk brannvesen

Bilde frå prisutdelingen i Lom. Bilde av 6 brannmenn frå Lom og Skjåk brannvesen og Daglig Leiar i Sparebank 1 Lom go Skjåk - Klikk for stort bildePå bildet: Lom og Skjåk brannvesen ved; Håvard Kveum, Tåsten Nordal, Odd Amund Haugom, Arne Kvamme, Geir Morten Bøje, Bjørn Bøye og banksjef Unni Strand frå Sparebank 1 Lom og Skjåk Lom og Skjåk Brannvesen

Lom og Skjåk brannvesen vart tildelt ein million kroner frå Sparebank 1 Lom og Skjåk

Lom og Skjåk brannvesen vart tildelt ein million kroner frå Sparebank 1 Lom og Skjåk

Utdelinga var i høve jubileumsfesten (Sparebank 1 Lom og Skjåk 150-årsjubileum i 2023) i Preshaugen i Lom laurdag. Banken ynskjer i år å gjere stas på heile distriktet (Nord-Gudbrandsdalen) med ulike arrangement og aktivitetar, og på laurdag vart det Lom og Skjåk brannvesen som vart hedra!

Banken understreka at brannvesenet i bygdene våre, som Lom og Skjåk brannvesen, i stor grad er bygd opp av friviljugheit og spelar ei viktig rolle i alle sine liv om ein blir råka av brann eller ulykke. Brannvesenet sitt mål er å skape tryggleik og bidra til å auke kunnskap om førebyggande tiltak - både i heimane våre og på arbeid, og i samfunnet elles, sa leiar for kundar og marknad i banken, Arne Bjørgen. 

Det var Varabrannsjef Bjørn Bøye som saman med kollegaer frå brannvesenet tok i mot sjekken frå scena i Presthaugen. Pengegåva vil blant anna gå til viktig utstyr i ny brannbil. Utstyr som skjereslukkar, skumanlegg, vaskeskap og varmesøkande kamera.

Bilde fra scenen på Presthaugen i Lom - Klikk for stort bilde Lom og Skjåk Brannvesen