Pasient med påvist koronavirus døydde på Skjåkheimen i dag
Skjåkheimen sjukeheim
E. Starrem
Kommuneoverlege Sondre Bøye kan informere om at ein pasient på Skjåkheimen døydde på morgonen i dag, 23. oktober. Sjølv om pasienten hadde alvorleg underliggande sjukdom, vurderar behandlande lege dødsårsaken til å vera Covid-19. Den avdøde pasienten var fullvaksinert og testa positivt på koronavirus i går, 22.10.
Pasienten har etter innlegginga på Skjåkheimen kun vore i kontakt med fullvaksinert helsepersonell og det er usikkert kvar pasienten vart smitta med viruset. Det vil bli arbeidd vidare med oppklaring av dette gjennom helga.
Publisert 23.10.2021 12.56
Sist endret 23.02.2024 13.47