Sankthans på Maihaugen

Skjåk kommune er invitert til Maihaugen som medarrangør av sankthans på Maihaugen sundag 23. juni 2024.  Vi tek utfordringa og inviterer med dette inn deltakarar til arrangementet. Det kan vere underhaldning, husflid, handtverk, kultur og næringsliv.  Bli med og lag ein skikkeleg Skjåkdag på Maihaugen!

Frå invitasjonen: Sankthans på Maihaugen

Maihaugen har tradisjon sia 1950-talet for å samarbeide med kommunane i Gudbrandsdalen og Ringsaker om sankthans feiring. Sankthansaften 2024 vert arrangert sundag den 23. juni og Skjåk kommune ved ordføraren, er invitert til Maihaugen som medarrangør.  Siste gongane Skjåk kommune var med som medarrangør var i 1996 og i 2010.  Da var det 4500 personar som kom på arrangementet!

Maihaugen består av 220 bygningar og ein god del av desse kjem frå Skjåk:

  • Skjåktunet med Lykrestugu, Vigstadstugu, Hjeltarstugu og Dagsgardsstabburet
  • Dyringslikongen
  • Skulestugu
  • Dagsgardsloftet
  • Øygarden
  • Øygardssetra
  • Jaktbua
  • Lindsheim
  • Heggebotten
  • Gjestestugu
  • Fiskenaust frå Liavatnet

Tradisjonelt har samarbeidskommunene nytta sine “sine” hus i programmet. I tillegg kan andre bygningar i museet, vestibyle og auditorium nyttast til marknadsføring av lokalt kultur og næringsliv.

I invitasjonen står det kva som er forventa at Skjåk kommune skal bidra med i programmet:

  • Stutt tale ved opninga av arrangementet frå ordførar, Edel Kveen
  • Kulturinnslag på utescena. Song og musikk har vore mest vanleg, men andre kulturformer er også mogleg. Dette er ofte ei blanding av amatørar, kulturskule og meir profesjonelle utøvarar.
  • Konferansier til å introdusere innslaga på scena.
  • Innslag ved båltenning. Som oftast har dette vore ein songar, men musikarar kan også nyttast.
  • Dansemusikk. Dei siste åra har dette vore folkemusikk/ gamaldans. 
  • Ulike innslag rundt i friluftsmuseet. Her er det mange moglegheiter. Typiske lag/ foreiningar som bidreg er historielag, idrettslag og bygdekvinnelag. Handverk- og husflidsdemonstrasjonar, historie, barneleikar, tradisjonsmat, teater, musikk og dans er aktuelle stikkord. 
  • Deltaking frå kommunen sitt næringsliv. Det kan vere ein fin moglegheit til å syne seg fram og eventuelt drive sal. Bedrifter innan handverk, husflid, matproduksjon og reiseliv har vore mest aktuelle, men det er opna opp for alle med gratis tilrettelegging.

Det er oppretta ei arbeidsgruppe for arrangementet.

Påmelding

marianne.stensgard@skjaak.kommune.no , telf 90941702

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702