Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta og i heimetenesta for funksjonshemma 2024

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide i Skjåk kommune i sommar, og kommunen har avtale med organisasjonane om ekstra timegodtgjersle for vikarar i tenestene som framgår av oversikta under i perioden  veke 26-33.

Vi treng sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta og i heimetenesta for funksjonshemma

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, eller deg som har erfaring frå/interesse for arbeid med eldre, målretta miljøarbeid eller personleg assistanse. Har du arbeidserfaring frå eit anna fagfelt, og vil nytte høvet til å prøve noko heilt nytt, høyrer vi gjerne frå deg. Om du er student eller elev på vidaregåande skule innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig, blir motivert av å arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.

 Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.

 Aktuelle tenester

  • Sjukeheim
    • Skjåkheimen er ein sjukeheim der bebuarar har fast plass eller har opphald over ei kortare periode. Eksempel på oppgåver her er å gje bebuarane hjelp til naudsynte gjeremål i kvardagen, som personleg stell og måltid. På Skjåkheimen vektlegg vi gode samtaler og aktivitetar, og å leggje til rette for ein god kvardag for dei som bur der.
  • Heimesjukepleia
    • I heimesjukepleia møter du brukarar som treng hjelp og støtte i sin eigen heim. Oppgåver her kan vere hjelp til stell og personleg hygiene, samt tilrettelegging og bistand ved måltid.
  • Praktisk bistand (heimehjelp)
    • Som heimehjelp i praktisk bistand hjelp du brukarar som treng hjelp til vask og stell i eigen heim. Nokre kan og trenge hjelp til stell og personleg hygiene.
  • Bismotunet bufellesskap
    • Arbeid med tilrettelagde tenester til barn-, unge- og vaksne med funksjonsnedsettingar.
    • Målretta miljøarbeid med individuelt tilrettelagde tenester med fokus på eigenmeistring og ein aktiv kvardag.
    • Tenestene skal vere fagleg forankra og vernepleiar/ spesialpedagog vil rettleie og følgje deg opp i arbeidet. Tenestene er tilpassa funksjonsnivå, alder og årstid.
    • Arbeidskvardagen i Bismotunet er variert, blant anna bistår du tenestemottakarane i alt frå daglege gjeremål i heimen til aktivt arbeid og friluftsliv, der du får høve til å nytte den fine naturen vi har i Skjåk.
  • Personleg assistent teneste og brukarstyrt personleg assistent (BPA)
    • Denne tenesta er for personar som har langvarige hjelpebehov for personleg assistanse til daglege gjeremål. Ein personleg assistent legg til rette for at tenestemottakaren får eit best mogleg og sjølvstendig liv på tross av funksjonsnedsettingar. Eksempel på dette kan vere transport til naudsynte gjeremål og avtalar, hjelp til praktiske oppgåver i heimen, personleg stell og tilrettelegging samt mat og måltid.
    • Vi gjev opplæring, og har tett tverrfagleg samarbeid med mellom anna sjukepleiar, fysioterapeut og fastlege.
    • Dette er ein lærerik sommarjobb om du er student/ elev i vidaregåande opplæring, eller berre har lyst til å prøve deg som personleg assistent.
    • Teamet har overvekt av menn, og dette er etter ynskje frå ein av tenestemottakarane, menn/gutar er særskilt oppmoda til å søkje.
    • Det er behov for vikarar også utanom sommarferien, både vår og haust er aktuelt for vikararbeid. 

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar
  • Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg

 Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.

 Vi tilbyr

Ved sommarjobb i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. Vi har mange utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil få mange dyktige og engasjerte kollegaer. Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.

Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid er etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg, og primærarbeidsperiode er frå veke 26 til og med veke 33. Det er ynskje at du set opp i søknaden dersom du må ha fri til bestemte dagar gjennom sommaren.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924 eller Gudrun Teigen mobil 95982598. 

 Vi har fortløpande opptak når det gjeld søknad på stilling som sommarvikar.

 

Kommunedirektøren

 

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924