Stipendstillingar for sjukepleieutdanning

Skjåk kommune lyser ut inntil fem stipendstillingar til deg som tek sjukepleie på deltid eller heiltid frå hausten 2024. Vi garanterer deg 100% fast stilling i kommunen etter dokumentert bestått utdanning og framlagt autorisasjon.

For studentar som forpliktar seg vil kommunen kunne inngå fylgjande avtale med desse vilkåra

  • Stipend på kr 1250 pr. fullført studiepoeng vert fordelt og utbetalt per semester (ved fulltidsstudie august og januar). Stipendet skal da dekkje samling, studiedagar, praksis, reise og opphald
  • Dekking av pensumlitteratur og studiemateriell inntil kr 5.000 pr. 60 studiepoeng
  • Dekking av semesteravgift  
  • 25 % tilsetjing i studietida
  • 100 % fast tilsetjing etter godkjent utdanning/autorisasjon 
  • 2 års bindingstid
  • 6 vekers turnusarbeid gjennom sommarferieavviklinga (ferie blir avvikla i tråd med lov og avtaleverk)  
  • Ein må fortrinnsvis leggje ferie utanfor hovudferieavvikling om sommaren (6 veker)

Stipend kan blir omgjort til lån dersom:

  • ein vel å ikkje takke ja til sommarbeid under utdanninga eller fast stilling etter bestått utdanning 
  • ein vel å seie opp innan 2 år etter fullført utdanning

Stipend lyt da betalast attende i si heilheit til Skjåk kommune etter avtala betalingsplan.

Generelt kring studentavlønning

  • 80% av grunnløn sjukepleiar etter fullførte 60 stp
  • 90% av grunnløn sjukepleiar etter fullførte 120 stp

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer deg som startar på sjukepleieutdanning, heiltid eller deltid frå hausten 2024
  • Ordninga vil og kunne vurderast for studentar som har starta på studiet tidlegare
  • Dokumentasjon frå studiestad må leggjast fram for Skjåk kommune
  • Du må kommunisere godt på norsk, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader (skal leggjast fram ved tiltreding)
  • Førarkort kl B 

Vi vektlegg at du

  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • har god digital kompetanse
  • har erfaring frå liknande arbeid
  • viser engasjement og kan prioritere i ein travel kvardag
  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk 

  Vi tilbyr

  • Turnus/vakter med moglegheit for tilpassing/ynskje under utdanningsløpet
  • Pensjonsordning
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø med stort fokus på kompetanse- og vidareutvikling av tenestene

 

Tilbod om stilling vert gjeve i den tenesta det til ei kvar tid er størst behov.

Det vert gjennomført intervju med aktuelle søkjarar før tilbod vert gjeve.

Dei som vil søkje på desentralisert utdanning må gjere som følgjer; 

Søke via samordna opptak på 

og velg: 

Sykepleie HINN  Elverum

Bachelor, deltid, høst, samlingsbasert

Dei som kjem inn på studiet blir fordelt etter postnummer i etterkant av opptak.

Les mer om studiet på vedlagt lenke:

Spesielle opptakskrav kommer i tillegg til kravet om generell studiekompetanse.

  • NO3MA3:Du må dokumentere gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i matematikk (224 timer).  Du dekker også karakterkravet i matematikk hvis du har bestått ett av følgende programfag: S1, S2, R1 eller R2.
  • Kvoter: Ordinær kvote, Kvote for førstegangsvitnemål
  • Attester: Studiet krever følgende attester: Medisinattest, Politiattest. Du får mer informasjon om krav til attest når du får svar på søknaden din.

Høyrest dette aktuelt ut for deg kan de ta kontakt med tenesteleiar Ingvild Mork, mobil 489 97 924. 

Søknadsfrist: 2. juni 2024

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924